Skal me no att stå med ryggen mot veggen?

Det er 4 år sidan dei borgarlege hadde makta i landet. Hugsar du kva me bala med då?
Nedlegging av politikontor. Kommunesamanslåingar mot innbyggjarane sine ynskjer. Nedlegging av tingrettar og politikontor. Samanslåing av høgskular for samanslåinga si skuld, det same med fylkeskommunane.
Alt dette med resultat at det vart litt større avstand, ikkje berre til tenester, men òg til beslutningstakarar. Det siste er like viktig.
I distrikta stod me saman, med ryggen mot veggen, i kamp mot prosessar i Oslo me hadde liten påverknad på, men som påverka oss stort.
Eg saknar ikkje den tida. Og eg skriv ikkje dette for å skremme, men for å minne deg som veljar på at val handlar om politiske prioriteringar.
No har me hatt 4 år med ei anna retning. Me har gjenoppretta 30 av dei 120 politikontora Høgre og Frp la ned. Men viktigast, me har stoppa den statsdrivne sentraliseringa. Me har i staden nytta tid og pengar på å betra tenestene til oss i distrikta. Målretta verkemiddel som billigare barnehage. Halverte ferje og flyprisar og nedskriving av studiegjeld.
I tillegg har me kutta skattane til folk med normale inntekter, ikkje berre dei som er i formueskattposisjon. I møte med ei stadig urolegare verd har me òg hatt tidenes opptrapping av Forsvaret under Sp si leiing.
I dyrtid med auka renter og prisvekst har me halde arbeidsløysa låg, og jobbskapinga oppe i privat sektor. Få andre land i Europa har lukkast like godt med det.
Senterpartiet vil ha meir målretta politikk for oss i distrikta, og ikkje igjen måtte bruke tid på å kjempe mot regjeringsdriven sentralisering.
Me vil heller ha kritikk for å opprette for mange politikontor, og at ferja og flyet er blitt så billig at det er fullt, enn å flytte fleire tenester og makt vekk frå vårt område. Det er ingen som foreslår dyrare trikkebillett i Oslo i møte med fulle trikkar. Då er kravet fleire trikkar. Den samme logikken må gjelde for oss. Å sikre at distrikta sine interesser blir ivaretekne rundt bordet i Oslo gjer ein best med representantar på Stortinget som bur i distriktet dei representerer, og med eit sterkt Senterparti rundt forhandlingsbordet.
Aleksander Heen
Stortingskandidat Senterpartiet