Meny
Sp-Sande verte leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen

Sp-Sande verte leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen

Publisert: 20.10.2021 #Sogn og Fjordane

Senterpartiet sin Erling Sande, frå Sogn og Fjordane, verte leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. 

− Gode transport- og kommunikasjonsløysingar er avgjerande for busetnad, næringsutvikling og beredskap over heile landet. Eg gler meg til å jobbe i lag med resten av komiteen, Stortinget og regjeringa for å sikre gode samband i bygd og by enten det er med rassikring, trygge vegar, fly, ferje, hurtigbåt, tog eller breiband, seier Erling Sande.

Sande møtte fast på Stortinget for Sogn og Fjordane frå 2005 til 2013 då han var vararepresentant for Liv Signe Navarsete, som var statsråd under heile den raudgrøne regjeringsperioden. Sande vart valt inn på Stortinget att ved haustens val då han var fyrstekandidat for Senterpartiet Sogn og Fjordane, som vart største parti i valkrinsen. Sande leia Energi- og miljøkomiteen på Stortinget frå 2009 til 2013.

− Regjeringsplattforma til Senterpartiet og Arbeidarpartiet er klar på at vi skal utvikle heile landet og knyte det betre saman. Arbeidet i Transport- og kommunikasjonskomiteen verte avgjerande for å lukkast med dette, seier Sande som var Konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi frå 2013 til 2021.

Sande får med seg partifellene Geir Inge Lien frå Møre og Romsdal og Geir Adelsten Iversen frå Finnmark i Transport- og kommunikasjonskomiteen. Helge Orten frå Høgre var leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen i førre Stortingsperiode.

Senterpartiet sine komitémedlemmer og leiarverv på Stortinget

  • Arbeids- og sosialkomiteen: Per Olaf Lundteigen (fyrste nestleiar) og Anja Abusland.
  • Energi- og miljøkomiteen: Ole André Myhrvold, Siv Mossleth og Gro Anita Mykjåland. 
  • Familie- og kulturkomiteen: Åslaug Sem-Jacobsen (andre nestleiar) og Margrethe Haarr.
  • Finanskomiteen: Sigbjørn Gjelsvik, Geir Pollestad og Kjerstin Funderud.
  • Helse- og omsorgskomiteen: Hans Inge Myhrvold og Lisa Marie Klungland.
  • Justiskomiteen: Else Marie Rødby og Ivar Prestbakmo.
  • Kommunal- og forvaltingskomiteen: Heidi Greni (andre nestleiar), Per Martin Sandtrøen og Kathrine Kleveland.
  • Kontroll- og konstitusjonskomiteen: Nils T. Bjørke.
  • Næringskomiteen: Willfred Nordlund (leder), Jenny Klinge og Per Olav Tyldum.
  • Transport- og kommunikasjonskomiteen: Erling Sande (leder), Geir Inge Lien og Geir Adelsten Iversen.
  • Utdannings- og forskingskomiteen: Marit Knutsdatter Strand (fyrste nestleiar) og Maren Grøthe.
  • Utanriks- og forsvarskomiteen: Marit Arnstad og Bengt Fasteraune.