To og ein halv million til skulebøker!
Regjeringa er opptatt av lesing og bekymra for konsekvensane av auka skjermbruk. Difor vil vi no sørge for fleire fysiske skulebøker i norske klasserom, og vil bevilge 115 millionar kroner til eit eittårig øyremerka tilskot til innkjøp av trykte læremiddel for elevar i grunnskulen.
Av desse millionane går kr 2 439 297,- til kommunane i Sogn og Fjordane!
Sjå oversikt over kommunane sine tilskot under:
| Kommune | Beløp |
| Aurland | kr 20 049 |
| Bremanger | kr 66 900 |
| Fjaler | kr 64 247 |
| Gloppen | kr 131 716 |
| Gulen | kr 42 642 |
| Hyllestad | kr 20 847 |
| Høyanger | kr 79 029 |
| Luster | kr 118 449 |
| Lærdal | kr 43 021 |
| Kinn | kr 419 216 |
| Stad | kr 204 491 |
| Sogndal | kr 267 032 |
| Stryn | kr 175 873 |
| Sunnfjord | kr 551 500 |
| Solund | kr 11 940 |
| Vik | kr 50 412 |
| Årdal | kr 103 477 |
| Askvoll | kr 60 456 |