Meny
bilde av møtelyden

Vedteken politikk frå Sogn og Fjordane Senterparti sitt årsmøte

Det vart handsama og vedteke 10 uttalar på årsmøtet til Sogn og Fjordane Senterparti i helga. 

 

Gje bonden ei framtid og sikre norsk matberedskap!

Bøndene nærmar seg punktet der dei ikkje har råd til å produsere mat til den norske befolkninga. Økonomien er ikkje berekraftig, og matberedskapen vår står på spel. Etter tiår utan at inntekta har følgt med utgiftene, er vi kome til eit punkt der ikkje eingong fulltidsbonden har nok inntening og må ta jobb utanfor drifta.

Hurdalsplattforma slår fast at bonden sin økonomi skal opp på lik linje med resten av samfunnet. NO er tida komen for å innfri dette. Sogn og Fjordane Senterparti krev at økonomien til bonden får det løftet som er lova for å kunne halde fram med å produsere mat i heile landet, på lokale ressursar og med god dyrevelferd og lite antibiotikabruk.

Mjølkeproduksjonen står for 50 % av verdiskapinga i landbruket i Vestland og er bærebjelken i heile distriktslandbruket. Den er grunnlaget for spreidd busetnad, eit opent kulturlandskap og lokal beredskap. Om ikkje økonomien vert auka både gjennom målpris og tilskot, vil denne vestlandsbonden snart vere vekke, med dei konsekvensar det vil få.

Sogn og Fjordane Senterparti krev at lovnader i Hurdalsplattforma vert følgt opp med å:

  • betre økonomien knytt til produksjon av mjølk, både gjennom auka målpris og med eit beredskapstilskot pr. liter produsert mjølk - bonden treng minst 3 kr meir per liter produsert mjølk
  • ha klar opptrappingsplan med rett talgrunnlag før jordbruksoppgjeret for å synleggjere, og på den måten kunne tette inntektsgapet til bonden
  • styrke verkemidla knytt til ei samvirkebasert marknadsregulering
  • auke tollvernet for meieriprodukt
  • flytte delar av subsidiane frå produsent og over til industrien for å gje høgare utbetalingspris til bonden
  • innrette PU-ordninga slik at konkurransekrafta for norsk mjølk vert styrka
  • innføre rentestøtteordning som også kan famne breiare enn landbruk
  • styrke kanaliseringspolitikken for å utnytte naturressursane på best mogeleg måte, og på den måten sikre høgare sjølvforsyningsgrad
  • spreie produksjonen av frukt og grønt, og samstundes minst oppretthalde dagens mjølke- og kjøttproduksjon for at Vestlandet skal bidra til beredskap og verdiskaping
  • skrote effektivitetskravet. Ein kan ikkje lenger krevje at kvar bonde skal springa fortare og fortare, for å deretter sitje att med like mykje på botnlinja – år etter år

 

Sikring, utbetring og vedlikehald av fylkesvegane

Fylkesvegnettet er livsnerva og kvardagsvegen for mange av innbyggjarane i Vestland. I mange høve er det einaste mogelegheit for å kome til barnehage, skule, lege, sjukehus, jobb, butikk, og ikkje minst er det næringsvegen for omfattande verdiskaping både lokalt og nasjonalt. 

Etterslepet av vedlikehald er størst på fylkesvegane. Vestland er eitt av fylka der det er størst risiko for å bli hardt skadd eller omkomme i trafikken. 

Med dagens fart på sikring/vedlikehald kjem ein aldri i mål. Etterslepet veks år for år, og strakstiltak må stadig gjerast. Det estimerast at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet i Vestland er på 19 mrd. kroner. Samstundes må vegane tilpassast klimautfordringar, meir flaum, meir ras, og meir ekstremvèr framover. 

Sogn og Fjordane Senterparti krev: 

  • at løyvingane til rassikring av fylkesvegar skal aukast med minst to milliardar årleg for å kunne sikre dei farlege fylkesvegane i Vestland i løpet av ein 12 års periode
  • meir målretta fokus mot punktutbetringar på fylkesvegnettet framfor store utbyggingsprosjekt som flyttar på flaskehalsar
  • at alle moglege steinar vert snudd med mål om å få meir veg for pengane
  • at staten må bidra med stimuleringsmidlar for å fjerne flaskehalsar på det fylkeskommunale vegnettet
  • betra samarbeidet med entreprenørane og gjennom samspelkontraktar få meir veg for pengane gjennom å utnytta lokal kunnskap
  • at det vert jobba for at handlingsrommet fylkeskommunen har i vegnormalane vert brukt, og at fråvik brukast meir fornuftig, effektivt og ressurssparande for å redusere vedlikehaldsetterslepet
  • at det vert innført insentivordningar for å stimulere til fleire nye, klimatilpassa, og kostnadsreduserande løysingar for skredsikring
  • at ved val og prosjektering vert det teke omsyn til alle som ferdast på vegen, særleg mjuke trafikantar
  • at innbyggarane som vert direkte påverka av utbygging og vedlikehaldsprosjekt vert lytta til

 

Føreseieleg, rimeleg og tilstrekkeleg kraft

SP vil ha nasjonal styring og kontroll over kraftaI Noreg har vi ei straumpriskrise som er utløyst av mellom anna marknadsbasert omsetning av kraft og import av europeiske straumprisar. I staden for å endre systemet for omsetning av kraft, har våre folkevalde laga straumstøtteordningar og endra skattlegginga av kraftselskapa. Sp i regjering må få gjennomslag for eit endra system som gjev folkevald styring og kontroll over krafta bygd på fylgjande prinsipp:

  • prisen på norsk kraft til forbrukarar og industri i Norge skal spegle produksjonskostnadene, vere meir stabil og ikkje vere styrt av marknadsprisen på gass
  • vidareføre ei fornuftig kraftutveksling med våre naboland bygd på dei prinsipp me har hatt i fleire 10-år
  • fortsatt eksport av overskotskraft

Sogn og Fjordane Senterparti krev:

  • større fokus på energiøkonomisering, nettkapasitet og bærekraftig bruk av våre felles fornybare ressursar
  • oppgradering av vasskraftverk og utnytte vasskraftressursane gjennom  flaum-demping og bruk av vassressursar 
  • ei lik straumsone for heile landet, og ei for eksport av overskotsstraum
  • å opne for realitetshandsaming av alternative energiformer gjennom bruk av geoenergi, hydrogen, bioenergi, vind, solenergi, bølgjeenergi og kjernekraft
  • at regionalnettet må under politisk styring med mål å skape meir verdiskaping på lokale kraftressursar
  • at ein tek på alvor, og redusere naturøydelegging, som følgjer med energiutbygging
  • at ein stansar elektrifisering av sokkelen, og landanlegg for olje og gass
  • at kommunane skal ha vetorett i saker som gjeld utbygging av vindkraft
  • sikring av forsyningstryggleik gjennom krav til magasinfylling
  • reforhandling av avtalene om kablane til Storbritannia og Tyskland som vart sett i drift i 2021
  • ein større del av krafta må takast av børs og det må vedtakast nye køyre-reglar for omsetning av kraft som tek i vare langsiktige omsyn
  • betre utnytting av eksisterande vannkraftverk

 

 

Politi når det gjeld – frå den ytste øy til den inste fjord!

Regjeringa la i 2023 fram sin handlingsplan for politiet i «Trygghet i hverdagen». Planen omtalar viktige utfordringar som politiet skal løyse, og ambisjonen om nærleik til tenester er god.

Eit av områda som blir peika på er øysamfunn, der situasjonen i dag er alvorleg. For at politiet skal nå fram ved hendingar på natt er ein avhengig av transport med ferje eller lokale skyssbåtar. Den nye politibåten som er stasjonert i Bergen er langt unna og har ikkje vorte den ressursen den var tenkt. I praksis må ein stole på eigne ressursar når hendingar oppstår – då det tek lang tid før politiet er på plass.

Situasjonen på dei ytste øyene våre er det mest tydelege symptomet på eit politi som ikkje er synleg nok og til stades i utkantane i heile det vidstrakte fylket vårt. Me forventar ikkje oppretting av fysiske tenestestadar i kvar ein krik og krok – men me krev at politiet er til stades for å ivareta samfunnsoppdraget deira.

For å betre denne situasjonen må regjeringa:

  • sikre ei fungerande båtteneste der dette er naudsynt
  • sikre ressursar til beredskapsvakt på ferjer
  • bruke dei verkemiddela som ligg i handlingsplanen, med anna styrking av personell, fleire politibilar, og oppretting av kommunepatruljer

 

Sogn og Fjordane Senterparti krev at det vert sett i verk tiltak som oppfyller ambisjonane i handlingsplanen snarast.

 

 

Ei vidare satsing på Trygt heim

Trygt heim er ei viktig løysing for å leggje til rette for aktivitet og møtestadar for unge. I eit område som Sogn og Fjordane er det ikkje alle stadar ei satsing på ordinær kollektivtransport er beste løysinga, men å utvide henteordningane.

Slik Trygt heim er i dag, gjeld løysinga innanfor kommunegrensene og berre på laurdagar. Begrensingar på ordninga må ein ha, men vi meiner kommunegrenser er ei dårleg løysing. Vi ynskjer ikkje at ein skal oppretthalde barrierar på tvers av kommunegrenser, når folk sine naturlege senter ikkje alltid er innanfor kommunegrensene.

Sogn og Fjordane Senterparti vil:

  • utvide Trygt heim til å gjelde fredagar i tillegg til laurdagar
  • tilby Trygt heim på tvers av kommunegrenser
  • tilrettelegge for at ordninga ikkje gjeld kun frå sentrum, men frå samlingslokaler og kulturarena i heile kommunen.

 

 

Omfordeling av naturressursinntekter vert heilt feil!

I desse dagar arbeider regjeringa med å fylgje opp Inntektssystemet for kommunane. Det har lenge vore varsla at det truleg vil verte gjort justeringar i inntektssystemet for å jamne ut forskjellane mellom skattesvake og skattesterke kommunar. Inntektssystemutvalet føreslår at vertskommunar sine inntekter frå naturressursinntekter skal inngå i inntektsutjamninga og soleis tilførast heile kommunesektoren. Utvalet føreslår ei «moderat utjamningsordning» på 10%.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner det vert eit prinsipielt feilsteg å innlemme naturressursinntekter i inntektsutjamninga.

Vederlaget desse kommunane har fått for å avstå naturressursane sine til storsamfunnet vert sidestilt med personskatteinntekter. Det representerer eit brot med ein over hundre år gamal samfunnskontrakt mellom staten, konsesjonærane og kommunane.

Ein samfunnskontrakt der kommunane sa ja til eit evigvarande og irreversibelt naturinngrep mot at dei fekk eit lovbestemt vederlag. Det låg aldri i korta at dette skulle annullerast, men det er det som i prinsippet skjer om dette forslaget vert vedteke. Å omfordele konsesjonskraftinntekter vil gje presedens for ytterlegare avkortingar i framtida. Samfunnskontrakten må haldast i hevd og regjeringa må verne om konsesjonskraftkommunane sitt lovbestemte vederlag.

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at å ta naturressursinntekter inn i inntektsutjamninga vert heilt feil!

 

 

Det må satsast på regionalparkar!

Regionalparkane - med nedanfrå og opp tankegangen i botn - fremjar samarbeid og verdiskaping i mange av Norges mest verdifulle natur- og kulturlandskap.

I Sogn og Fjordane har me to regionalparkar: Nærøyfjorden verdsarvpark i Aurland, Lærdal og Vik (i tillegg til Voss), og Fjordkysten regional- og geopark som omfattar Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og delar av Sunnfjord.

Diverre vart ei eiga fast løyving over statsbudsjettet til Norske Parker – som er regionalparkane sin felles organisasjon – sløyfa av vår eiga regjering. Ei løyving som har bidrege til å løfte regionalparkane i heile landet, knyte dei saman i nettverk (Norske Parker), og som har gjort at ein har fått tilført naudsynt kompetanse.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner me treng alle gode verktøy for å utvikle distrikta. Dette er bygdevekst og regional utvikling i praksis.

I samsvar med landsmøtevedtak mars 2023, krev Sogn og Fjordane Senterparti at regionalparkane må inn att på statsbudsjettet.

 

 

Rydd kystlinja no!

Sogn og Fjordane har 18 622 km2 flate og 7 896 km med kystlinje. I dette området har Fjordane Friluftsråd dei siste åra i samarbeid med frivillige og profesjonelle ryddeteam samla inn om lag 400 tonn marint avfall.

Mengda plast som blir sleppt ut i naturen og sjøen er enorm, men resultat frå rydding i både Sogn og Fjordane og Lofoten viser at plastrydding nyttar.

Likevel har den statlege støtta til slike prosjekt vore redusert over fleire år. På nasjonalt nivå frå om lag 70 mill til nærare 25 mill. Dette er urovekkande. I tillegg til at ryddearbeidet går saktare, medfører denne reduksjonen at gode samarbeidsprosjekt mellom frivillige og profesjonelle ryddarar vert svekka.

Det er framleis ein stor jobb å gjere langs kysten vår både over og under vatn, og dette arbeidet må intensiverast, heller enn å reduserast!

Sogn og Fjordane Senterparti krev statleg støtte til rydding av marint avfall langs kysten.

 

 

Fjordekspressen må gå

Den tidlegare bussruta mellom Bergen og Trondheim var ei viktig rute for mange, særleg studentar. Fjordekspressen var direkte nattbuss, som mogleggjer hyppigare reiser enn om nattesøvnen går tapt på grunn av bussbyte med ventetid på busstasjonen på Otta. Senterungdomen meiner at tida er overmoden for at busstilbodet på tvers av fylkesgrensene vert betra.

Sogn og Fjordane Senterparti vil:

  • opprette direkte nattbuss Bergen-Trondheim utan bussbyte
  • at Vestland Fylkeskommune tek initiativ til å samarbeide med andre fylkeskommunar om kollektivtransport på tvers av fylkesgrensene for eit betre heilheitleg tilbod
  • at Vesland fylkeskommune ser på moglegheita for å kjøpe kapasitet der den kommersielle marknaden ikkje leverar eit tilstrekkeleg tilbod, til dømes etter FOT-rutemodell til flytrafikk

 

 

Ny nasjonal transportplan (NTP) må utvikle distrikta og gjere oss rusta for framtida

Transportsystema i Sogn og Fjordane har gjennomgåande langt lågare standard enn resten av landet, og har langt igjen for å få eit trygt, effektivt og miljøvenleg transportsystem. Vi bli hardare råka enn resten av landet med omsyn til klimaendringane med meir flaum og ras. Investeringsbehovet er stort, og naturen i fylket gjer at det må satsast meir på samferdsle dersom vi skal utvikle oss i takt med resten av landet. Betra transportsystem vil skape store verdiar for Noreg i form av eksportverdiar og skatteinntekter av varer frå vår del av landet. Og utvikling av desse transportsystema må i sin heilskap vurderast som verkemiddel for å oppnå ei balansert utvikling i heile fylket.

Vår intercity er E39. Det gryteklare prosjektet Hafstadfjelltunellen må sikrast plassen i NTP med oppstart i 2025. Vidare er utbetring Byrkjelo-Nordfjordeid, strekninga på E39 forbi Vadheim og rassikring døme på prosjekt som må kome i prioritet og få løfta standarden i form av fjerninga av flaskehalsar og få på plass gul midtstripe.

Fleire ferjesamband på riksvegar i Sogn og Fjordane vil, saman med brukarbetaling, kunne avløysast av bru med dei statlege utgiftene som allereie er i ferjedrifta. Ei ferjeavløysingsordning for riksvegar vil kunne bidra til store framtidige innsparingar eller alternativ bruk av statlege midlar som i dag vert brukt på evigvarande drift av ferjer. Regjeringa må innarbeide ferjeavløysingsordning på riksvegar i ny NTP, slik at riksvegferjene kan avløysast etter dei same prinsippa som fylkesvegferjene i framtida. Fleire av ferjene på riksvegnettet hindrar regionforstørring og utvikling av bu- og arbeidsmarknadsområde.

Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for trygg og effektiv sjøtransport i Norge og Stadhavet er ein flaskehals for sjøtransporten. Stad skipstunnel er viktig for vidare vekst i kystnæringane våre og vil gjere riksveg 1 langs kysten til ein meir sikker og trygg sjøveg.

Nasjonaltransportplan vert ofte nærmast ein kamp mellom dei store vegprosjekta. Det planen i all hovudsak skal handle om, og som må vere i hovudfokus når signal frå regjeringa er nedskalering og meir veg for pengane, er å bygge gode kvardagsvegar for folk heile landet. Også der jernbane ikkje er eit alternativ. Det vil ha stor betydning for dei som brukar vegen enten det er arbeid, fritid og næringstrafikk og det vil løfte vegstandarden betydeleg for små midlar.