Vi døyr ikkje saktare i distrikta
Nedlegging og svekking av ambulansestasjonar blir no føreslått for å spare pengar. Dette er etter Sogn og Fjordane Senterparti sitt syn feil prioritering. Når minutt avgjer liv, er beredskap ikkje ein kostnad – det er eit samfunnsansvar. Liv kan gå tapt når responstida aukar. Å spare pengar på beredskap er å skyve risiko over på folk som bur i distrikta, det er uakseptabelt. Lik rett til akutt hjelp er eit nasjonalt ansvar.
Nasjonal forpliktande responstid for ambulansetenesta må fullfinansierast av staten.
Tryggleik er ikkje noko ein skal konkurrere om. Folk i distrikta har same verdi som folk i meir sentrale strøk, hjelpa skal kome i tide.
Sogn og Fjordane Senterparti krev:
- Ein nasjonal standard for responstid for ambulanse, som gjeld heile landet.
- Stans i nedlegging av ambulansestasjonar.
- Styrke satsinga på akuttberedskap i distrikta.
- Prehospitale tenester må fullfinansierast av staten.
Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane 28. februar 2026.