Gå til hovedinnhold

Vil du legge ned Fjaler kommune, Olve Grotle?

IMG_3486
Høgre, med Olve Grotle i spissen i Sogn og Fjordane, ynskjer å legge ned kommunar i heile Noreg om dei kjem i regjering til hausten.

I Stortingsprogrammet til Høgre står det at ein skal «motivere fleire kommunar til å slå seg saman, for å sikre betre tenester til innbyggjarane». Det står også at «at effektiviseringstiltak i form av kommunesamanslåingar og ressurssparande samarbeid skal premierast i inntektssystemet». Dette betyr at Høgre prøver å lokke kommunar til å slå seg saman, fordi det vil vere ein økonomisk gevinst i potten dersom ein vel å gjere dette. Ein kommune som slo seg saman tilbake i 2020, er Sunnfjord kommune.

Er det slik at Olve Grotle og Høgre meiner at Sunnfjord kommune er eit godt eksempel på korleis det går dersom ein vert slått saman? I Firda kunne ein lese 22.06.2025 at underskotet i Sunnfjord kommune var på 135 millionar, som gav kommunen ei topp 10-plassering nasjonalt for kommunar med størst underskot i Noreg. Før Olve Grotle kjem til å argumentere at Senterpartiet i regjering ikkje har styrka dei kommunale budsjetta over statsbudsjettet, vil eg påpeike at Høgre, i sitt alternative statsbudsjett for 2025, ville gje kommunane i Noreg 2,5 milliardar kroner mindre enn sitjande regjering. Høgre meinar altså at det skal vere lønnsamt å slå seg saman med nabokommunen, og lovar at ein skal få pengar for det. I realiteten sit mange kommunar igjen med store underskot og kutt i kommunale tilbod.

Kven er taparane i Sunnfjord kommune? Det er innbyggjarane. Aller oftast går dette ut over våre sårbare grupper: unge og eldre. Det kan ikkje vere slik at skulane, barnehagane og omsorgstenestene våre kjem under lupen kvar gong det er budsjetthandsaming. Det er uverdig at ein skal leggje ned skular i distriktet fordi ein skal oppretthalde ein storkommune som blør pengar kvar einaste dag. Eg vil ikkje bu i ein kommune der besteforeldre kjem på sjukeheim to timar frå heimplassen sin, som gjer at ein ikkje får besøk av næraste familie like ofte fordi det tar ein heil ettermiddag å reise på besøk. Det betyr noko å ha tenester nær folk.

I Fjaler kommune ser ein positive tal på innbyggjarfronten. Det er attraktivt for unge å flytte heim, fordi Fjaler er ein levande kommune. Sidan år 2000 har nokre bygdeskular vorte lagt ned grunna synkande barnekull. For mange har det vore ein skule i nærheita som gjorde til at elevane ikkje fekk lang reiseveg. Noko ein har verna om i mange år er barnehagen og skulen på Våge, i ytre delar av kommunen. Dette er for å sikre at elevane har kort veg til skulen, då reisevegen frå Lammetun til Dale vil vere 1 time og 20 minuttar med skulebuss, éin veg. Eg forstår at ingen vil sende ungane sine på skulebuss som tek nesten tre timar av kvardagen deira.

Dersom Fjaler kommune vert ein del av ein større kommune, er det kun eit spørsmål om når Våge skule og barnehage vert nedlagt. Kven ynskjer å flytte heim til ytre Fjaler, med familie og ungar, om det ikkje finst barnehage eller skule der? Utan barnehage og skule i ytre Fjaler vil også draumen om Lutelandet, berre bli ein draum. Høgre snakkar alltid om å leggje til rette for bedriftene, eg meiner at vi må leggje til rette for lokalsamfunna. Utan lokalsamfunna er det ingen bedrifter å legge til rette for.

Denne veka opna førehandsrøystinga, og det er viktigare enn nokon gong å bruke røysteretten sin. Sogn og Fjordane har fire representantar på Storinget, og kvar enkelt med røysterett er med på å påverke kven som skal representere oss i riksforsamlinga vår. Garantisten for eit levande distrikt er Senterpartiet. Dei fire siste åra har vi fått billigare barnehage, gratis ferje og nedskriving av studiegjeld. Det betyr noko for privatøkonomien til folk flest når desse utgiftene vert lågare.

 

Mi stemme går til Erling Sande i Senterpartiet, for eg veit at han vil verne om lokalsamfunna våre i Sogn og Fjordane.

 

Pernille Nedrebø, 9.kandidat - Senterpartiet.