Stryn Senterparti går for fire nye år med Per Kjøllesdal som ordførar
Nominasjonsmøtet til Stryn Senterparti den 11.01.2023 gjekk samrøystes for å setje Per Kjøllesdal på fyrsteplass til kommunevallista. Han vil difor vere Stryn Senterparti sin ordførarkandidat ved kommunevalet til hausten.
Med seg på lista får han både nye og tidlegare listekandidatar, med god spreiing i alder og erfaringsbakgrunn. Det er teke omsyn til både kjønn og geografi når lista vart vedteken. Med dette listeframlegget har ein eit godt grunnlag for å gjere eit godt val til hausten.