Meny

Medlemsauke for sjette året på rad- 1015 medlemmer i Telemark Senterparti

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark

Telemark Senterparti skal ha fylkesårsmøte fredag og laurdag på Hotell Klubben i Tønsberg i lag med Vestfold Senterparti. Parlamentarisk leiar Marit Arnstad er hovudgjest på årsmøtet fredag.

 

 

Fylkesleiar Olav Urbø har sagt frå seg attval etter 4 år som fylkesleiar og Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje er innstilt som ny fylkesleiar. Også 2. nestleiar Heidi Herum frå Bamble har sagt ja til attval for 2 år. Det same har styremedlemmer Borgar Kaasa frå Midt-Telemark og Bjørn Sverre Sæberg Birkeland frå Tinn. 1. nestleiar Åslaug Sem-Jacobsen, Notodden er ikkje på val.

Medlemstalet i Telemark Senterparti var i 2018 på 868 og hadde ein auke til 1015 i 2019. Dette tyder ein auke i valgåret med 147. 12 av lokallaga opplevde medlemsauke og 3 lag hadde medlemsnedgang.Senterungdommen hadde ein liten medlemsnedgang i 2019 og har nå 95 betalande medlemmer.

2019 var eit fantastisk år for Senterpartiet med eit valgresultat på 14,2% ved fylkestingsvalget for Vestfold og Telemark Senterparti.  9 fylkestingsrepresentantar vart resultatet og fylkesordføraren i posisjon med Ap og SV.Ved kommunevalget fekk Senterpartiet 14,1% og 124 kommunestyremedlemmer. Partiet har etter valet for tida 9 ordførarar og 8 varaordførarar og er i posisjon i 13 av 17 kommunar i Telemark.

-Mange har lagt ned ein stor innsats. Det er eit stort engasjement for levande lokalsamfunn og tenester nær folk i heile Telemark. Eit glimrande utgangspunkt for valkampen i 2021, seier fylkesleiar i Telemark Senterparti Olav Urbø som ser fram til eit flott årsmøte.

Denne artikkelen ble først publisert 26.02.2020