Det handlar om beredskap, verdiskaping og levande bygder.
I Vestland er landbruket ryggrada i mange lokalsamfunn. Her produserer vi store verdiar – mjølk og kjøt basert på grovfôr og beite, i tillegg til produksjon av frukt, bær og grønsaker.
Tilbodet staten la fram i dag svarar ikkje opp Stortinget sitt vedtak om å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper innan 2027. Det svarar heller ikkje godt nok på målet om auka sjølvforsyning.
Frå Vestland Sp har vi ei klar forventning om at forhandlingane må kome næringa meir i møte. Vi skal ha matproduksjon «millom bakkar og berg» og då lyt oppgjeret gje bonden betre økonomi, særleg på gras og beite.
Vi treng sterkare matproduksjon, fleire unge bønder som vil satse, og eit aktivt landbruk i heile Vestland.
Det handlar om både beredskap, verdiskaping og levande bygder.
