Emma Berge Ness sitt innlegg i trontaledebatten
Denne veka fekk ho møte på Stortinget, i sjølvaste trontaledebatten! Les heile hennar innlegg i debatten her.
President,
For ein liten månad sidan, fekk vi nye PISA-resultat.
Undersøkelsen som kvart 3.år skal sei noko om kompetansen til 15-åringar, viste nok ein gang at resultata til norske elevar i både lesing og matematikk går nedover.
Sidan har debatten gått, skyld blitt plassert og løysingar lansert.
President, elevane som var 15 år og gjekk i 10.klasse i fjor når PISA-undersøkelsen blei gjennomført, begynte i første klasse hausten 2016.
Då var Erna Solberg statsminister.
Det var ho og i 2017, 2018, 2019, 2020 og mesteparten av 2021 – heilt til elevane var ferdige i 6.klasse.
Poenget er at resultata vi ser no kjem av ei utvikling som har gått feil veg over lang tid. Det kan ikkje kan skuldast eit enkelt parti åleine. Og ansvaret for å snu utviklinga, må vi ta i lag.
I trontalen blei det sagt at " Skulen skal tilbake til det viktigaste" - det meiner Senterpartiet at er ei god tilnærming.
Meir tid til lesing, rekning og skriving.
Bøkene, som aldri skulle vore tatt ut i utgangspunktet, må tilbake.
Mindre skjermbruk, særleg blant dei yngste elevane.
Meir tillit til den viktigaste ressursen i norske klasserom - nemleg lærarane.
På flyet hit i går, sat eg på sidan av ein lærar som brukte flyturen på å rette norsk-oppgåver; som for øvrig var ei retorisk analyse av Stortingspresidenten sin tale frå tidligare i haust.
Dinna læraren fortalte at vurdering av elevar er blitt vanskeligare, fordi ein må skille mellom kva som er elevane sitt eiget arbeid, og kva som er generert av kunstig intelligens.
Vi ser den same utfordringa med studentar under høgare utdanning.
Digitalisering er blitt ein trussel for læring på alle nivå.
Vi har eit politisk ansvar for at verktøya som skulle hjelpe oss å lære meir, ikkje endar opp med å gjere oss mindre i stand til å tenke sjølve.
Til slutt, president, må eg som representant frå Sogn og Fjordane og Sunnfjord seie at eg er glad for at Senterpartiet er ein del av fleirtalet som i morgon set ein stoppar for at Hafstadfjellstunellen vert sendt ut i enno ei ny runde med utgreiingar.
Eg jobba sjølv med utgreiingsarbeid. Det tek tid. Og no har folk og næringsliv har venta lenge nok. Vi har stått i kø; venta på at vegen skal opne og at bilbergarane komme. Vi har stått i kø og venta tolmodig på ein trygg, open veg med gul midtstripe. No er det E39, Sunnfjord og Hafstadfjelltunellen sin tur.