Fylkeskommunen skal ikkje vera ein overkommune
Sp fekk gjennomslag for å stramma inn bruken av motsegn i kommunale plansaker!
Fylkeskommunen si viktigaste rolle er å vera ein regional utviklingsaktør, som spelar på lag med kommunane for ei utvikling av heile Vestland, meiner Senterpartiet.
Fylkestinget handsama denne veka sak om korleis fylkeskommunen skal opptre i kommunale plansaker.
Motsegn er eit verkemiddel fylkeskommunen har for å gripa inn i kommunale planar og plansaker, etter Plan og bygningslova.
For Senterpartiet veg det kommunale sjølvstyre tungt. Det er det viktig med god og tidleg dialog med kommunane for å finna gode felles løysingar. Det må vera vestentlege regionale eller nasjonale interesser som vert sett til sides dersom ein skal nytta motsegn.
Motsegn som krev skjøn, og som ikkje er av rein teknisk eller juridisk art, skal alltid handsamast av folkevalde. Dette er ikkje ei oppgåve for administrasjonen. Senterpartiet sit fylkestingsgruppe er glad eit klart fleirtal i fylkestinget slutta seg til deira syn i saka.
Me forventar også at statsforvaltaren reduserar motsegnstrykket og vert ein medspelalar i lag med fylkeskommunen, overfor kommunane.