Meny
valgurne_foto_Tore_Fjeld

Kvifor stemme ved fylkesvalet?

Ja, kvifor skal eg det? Er ikkje det berre byråkrati då? Er ikkje fylket det same som Fylkesmannen, eller no, Statsforvaltaren ? Dette er synspunkt ein litt for ofte møter, særleg i «gamle Hordaland»

Fylkeskommunen har ansvar for viktige oppgåver i kvardagen som vidaregåande skular, fylkesvegane, tannhelse, regionale kultur/idrettstilbod og næringsutvikling, for å nevne noko. Korleis ein skal utvikla desse tenestene kan du vera med å bestemma gjennom å bruka stemmeretten din ved fylkestingsvalet.

Alternativet til fylkeskommunen er endå meir kommunesamanslåing og sentralisering, og meir makt til staten. Det er ein dårleg ide meinar me i Senterpartiet, i motsetnad til Høgre og Frp.

Fylkesvalet i haust står mellom om Vestland skal byggjast vidare, trygt, grønt og offensivt, under leiing av ein stril frå Senterpartiet, fylkesordførar Jon Askeland eller ei Høgre sin kanditat frå Fana, Silja Ekland Bjørkly. Ho er ei dyktig og kjekk dame, men står grunnleggjande for ein annan politikk, då Høgre bl.a vil avskaffa fylkeskommunen. Senterpartiet vil bruka den som eit offensivt utviklingsverktøy for kommunane og heile regionen vår!

 Eg vil påstå at kjennskpen og engasjementet Fylkesordførar  Askeland har synt for kvart eit lokalsamfunn frå Sveio i sør til Måløy i nord, skapt møteplasser slik at ein kan finne løysingar på tvers av interesser, lytta til næringslivet sine behov, vore ein tydeleg ombodsperson for landsdelen vår inn mot Storting og regjering, er det langt fleire enn Sp-folk som ser.

Det har heller ikkje vore feil at ein «gniten Stril frå Sp» har site på toppen når ein har gjennomført ei innsparing på 200 millionar i fylkesadministrasjonen, samstundes som ein har desentralisert oppgåver og arbeidsplassar til fleire stader i fylket.

Innsparinga har bl.a gått til tidenes satsing på fagopplæring, utrulling av breiband i heile Vestland, fleire og billegare kollektivtilbod, kultur, og auka satsing på eit praktisk vegvedlikehald.

Desse tenestene er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Det er resultat av prioritering. Ved å stemma Sp på fylkesvalet kan du vera med å sikra framleis trygg, offensiv, desentralisert og grøn utvikling av heile Vestland , og slik sikra fire nye år med Jon Askeland som din fylkesordførar!

Godt val!

IMG_2987.jpeg

Sigrid Brattabø Handegard

3.kandidat Vestland Sp