Gå til hovedinnhold

Politiutdanning i Vestland – ei investering i beredskap og rekruttering

2020%20Politiet%20p%C3%A5%20Domb%C3%A5s%2C%20Oppland
Senterpartiet fremja onsdag følgande uttale i fylkestinget.
Uttalen vart samrøystes vedteken.

Politiutdanning i Vestland – ei investering i beredskap og rekruttering

 

Fylkestinget i Vestland vil ha politiutdanning i Vestland!

 

Vest politidistrikt har ansvar for 38 kommunar og over 600 000 innbyggjarar i eit fylke prega av store avstandar, fjordar, fjell, spreidd busetnad og krevjande beredskapsutfordringar.

Samstundes viser politiet si responstidsrapport for 2025 at Vest politidistrikt ikkje oppfylte dei nasjonale responstidskrava i nokon av dei tre tettstadskategoriane.

 

I område med 2 000–19 999 innbyggjarar var responstida 21 minutt mot eit krav på 17 minutt. Vestland er eit viktig beredskapsfylke. Politiet skal handtere ras, flaum, ekstremvêr, sjørelaterte hendingar, redningsaksjonar i fjell og store turiststraumar gjennom heile året. Dette krev tilstrekkeleg bemanning, lokal kompetanse og personell med kjennskap til regionen.

 

Politiet har ei sentral rolle i den nasjonale totalberedskapen i ei tid med ei meir krevjande tryggingspolitisk utvikling.

Vestlandet har kritisk infrastruktur av stor nasjonal betydning som krev god sikring og beredskap, både gjennom fysisk nærvær og politiet sitt arbeid med grensekontroll og overvaking. Nærleiken til Håkonsvern, Sjøforsvaret sin hovudbase, understrekar òg den strategiske betydninga regionen har for nasjonal tryggleik. Staten har allereie erkjent at regional politiutdanning er eit effektivt verkemiddel for å styrkje rekrutteringa til distrikta gjennom studietilbodet i Alta. Det same behovet finst i Vestland. I følgje opptaksrapporten 2025 frå politihøgskulen rekrutterte Vestland færre søkjarar til politiutdanninga enn landsgjennomsnittet.

 

Fylkestinget har merka seg at det er behov for auke antalet utdanna politifolk, og meiner det er viktig å få på plass ei slik utdanning på Vestlandet.

 

Eit utdanningstilbod i regionen vil nå søkjarar som i dag ikkje har høve eller ønskje om å flytte til eksisterande studiestader, og dermed utvide rekrutteringsgrunnlaget for politiet. Samstundes viser erfaringar frå både politiutdanning og andre profesjonsutdanningar at folk i stor grad blir verande der dei studerer. Ei politiutdanning i Vestland handlar derfor ikkje berre om utdanning, men og om samfunnstryggleik, beredskap, rekruttering og distriktsutvikling.

 

Ved å utdanne fleire politifolk i regionen kan ein styrkje tilgangen på kompetent personell, sikre betre bemanning over tid og bidra til tryggare lokalsamfunn i heile fylket.