Gå til hovedinnhold

Regjeringa må styrkja veterinærvaktordninga og ta ansvar når den sviktar.

Ku-kyr-landbruk-37839170451_fcf4abc352_o
Senterpartiet fremja følgande uttale i fylkestinget 25.mars 2026.
Fylkestinget i Vestland vedtok uttalen samrøystes.

Regjeringa må styrkja veterinærvaktordninga og ta ansvar når den sviktar.

Noreg har sjølvsagt strenge krav til dyrevelferd.

I mange område er det no bemanningskrise, og særleg vaktkrise for produksjonsdyr.

Eit døme frå Kinn kommune i Vestland beskriv krisa slik: Ei mjølkeku fekk akutt sjukdom i ei helg der det ikkje var veterinær på vakt, med konsekvens at kua måtte avlivast på staden. Kommunen nekta bonden utbetaling av erstatning pga manglande veterinærdokumentasjon.

Dømet viser dobbelt tragisk situasjon: Det grunnleggjande er at dyrevelferda er trua.

Manglande veterinær legg dobbelt byrde på bonden, som både taper produksjonsdyr og produksjon. Kommunane har ansvar for veterinærvakt, men vert ikkje erstatningspliktig dersom vaktordninga ikkje har grunnlag for å fungere. Verken mattilsynet eller statsforvaltar har lovheimel til å gripa inn overfor kommunen ved manglande veterinærvakt.

Her synest det derfor å vera ein systemfeil som truar dyrevelferd, landbruket og matberedskapen i landet.

Vestland fylkesting ber Landbruksministeren sikra at veterinærvaktordninga er reell og trygg.

I tillegg må bøndene bli innrømt tapskompensasjon som følgje av manglande veterinærvakt-teneste.