Senterpartiet styrkjer yrkesfaga i Vestland
Industri- og næringspartiet (INP) hevdar i valdebattar i NRK Vestland at Vestland fylkeskommune ikkje satsar på fagopplæring. Denne påstanden er feil, under Sp si leiing vert det satsa tungt på yrkesfag i Vestland.
Arbeidslivet i Vestland har stort behov for faglært arbeidskraft, og fylkeskommunen jobbar aktivt for å møte dette behovet i tett samarbeid med lokalt arbeidsliv. Søkjartala syner at fleire ungdomar vel yrkesfag. For skuleåret 2023/24 søkte 56 % Vg1-elevane seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram. For Senterpartiet er det sjølvsagt at opplæringstilbodet skal møte behov i arbeidslivet i kombinasjon med ynska til elevane. Auken på yrkesfag er ei ynskt utvikling som ein tverrpolitisk har arbeidd for i mange år, gjennomføringstala er òg gode. I overgangsåret 2020/21 til 2021/22 var det 83 % av elevane på Vg2 yrkesfag som gjekk vidare til eit høgare nivå, det høgaste resultatet dei siste fem åra. Tal frå Udir syner at 2021 var det året flest søkjarar i Vestland fekk læreplass. Statistikken syner òg at rundt 90 % av lærlingane består fagprøven. Dette vitnar om at yrkesfagsatsinga i Vestland funkar.
Suksessfaktoren for Vestland er etter Senterpartiet si meining det tette samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane, lokalt arbeidsliv og kommunane, både når det gjeld bruk av utstyr, meir opplæring ute i bedrift og utvikling av nye opplæringstilbod. For å ta nokre døme: På Bømlo stiller lokalt næringsliv verkstader og undervisningsbygg disponibelt slik at elevane kan bryne seg på toppmoderne og praksisrelevant utstyr. I Årdal får elevar som går automatisering og kjemiprosess opplæring i teknologibedrifta Sitep. Årdal vgs. bruker òg Sitep til opplæring av eigne tilsette. I Nordhordland har samarbeidet mellom to vidaregåande skular og lokalt næringsliv ført til at elevane får endå meir utplassering i bedrift. I Kvam har lokale bedrifter og den vidaregåande skulen gått saman om å etablere ei vg2 transport- logistikklinje der bedrifter forpliktar seg til å stå for undervisning og tilby læreplassar. På Voss får ungdomsskuleelevar som tek arbeidslivsfag delar opp opplæringa si ved den lokale vidaregåande skulen, noko som har ført til at fleire søkjer yrkesfag, og hindrar feilval. I haust får elevar på Osterøy same moglegheit. Senterpartiet ynskjer meir av slikt samarbeid, då me ser at dette samarbeidet aukar statusen for yrkesfag, hevar kvaliteten på opplæringa og gjer opplæringa meir praksisnær.
I tillegg nyttar dei vidaregåande skulane seg av ein læreplassrekneskap for tett oppfølging av elevane sine med tanke på praksisopplæring og formidling til lære. Fylkeskommunen tilbyr òg kurs og opplæring for lærebedrifter, noko som vil auke kvaliteten på opplæringa ute i bedrift. I desember 2022 løyvde fleirtalspartia i fylkestinget 30 millionar ekstra til undervisningsutstyr, i juni år løyvde me nesten 21 millionar til. Det er klart at desse tiltaka styrkjer fagopplæringa i Vestland.
For å styrkje yrkesfaga ytterlegare er det viktig at løyvingane til undervisningsutstyr vert auka, men det er viktig at ein vidareutviklar samarbeidet ein har med arbeidslivet om undervisningsutstyr og opplæring. Ei anna utfordring er mobbing på arbeidsplassen. 4,2 % av lærlingane har opplevd mobbing på arbeidsplassen, for somme yrkesfagprogram er talet høgare. Dette må fylkeskommunen og lærebedriftene ta tak i, for Senterpartiet er det naturleg at opplæring av lærebedrifter òg har mobbing og inkluderande arbeidsmiljø som fokusområde.
Senterpartiet har vore med å styre Vestland fylkeskommune dei siste fire åra. Me ser ei positiv utvikling for vidaregåande opplæring i Vestland, særleg for yrkesfag. Dette viser at tydelege mål og satsing på ein desentralisert skulestruktur, breie, relevante og gode opplæringstilbod i heile fylket og tett samarbeid med lokalt arbeidsliv har vore rette prioriteringar. Dette vil Senterpartiet framleis arbeide for. Ei stemme på Senterpartiet er difor ei stemme for auka satsing på yrkesfag og på vidaregåande opplæring med høg kvalitet i heile Vestland.
Alexander Fosse Andersen
6. kandidat for Vestland Senterparti