Gå til hovedinnhold

Stopp sniksentraliseringa av politiet i Sogn og Fjordane!

Illustrasjonsfoto, politi.jpg
Politiet i Vest har i lengre tid jobba med ein større omstillings- og strukturprosess. Eit mogleg resultat er at Sogn og Fjordane politidistrikt forsvinn som eiga eining. Senterpartiet er uroa for kva dette vil bety for tryggleiken til innbyggarane i Sogn og Fjordane.

Fylkesårsmøtet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane er kritiske til prosessen, som i all hovudsak føregår bak lukka dører - utan offentleg innsyn og tilstrekkeleg involvering av kommunar, beredskapsetatar og innbyggarar. 

 

Den økonomiske situasjonen i Helse Førde er eit nyleg døme på at dei grunnleggande beredskapstenestene våre fortener ein plass i det offentlege ordskiftet. 

 

Kunnskap om, og det å vere til stades i, lokalsamfunnet er avgjerande for både førebygging og responstid.  Også i områder med spreidd busetnad og lange avstandar skal ein kunne forvente rask hjelp når situasjonen krev det.  Krav til responstid må, uavhengig av struktur og omorganisering, ligge fast.

 

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at:

  • Omorganisering i Politiet må vere ein open prosess som involverer kommunar, beredskapsetatar og innbyggarar. 
  • Politiet må organiserast slik at ein sikrar lokalkunnskap og førebyggande arbeid i heile distriktet.
  • Politiet skal ha forpliktande responstider på kommunalt nivå, med open rapportering og årlege forbetringsplanar som skal utarbeidast i samarbeid med kommunane 

 

Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane 1. mars 2026.