Gå til hovedinnhold

Styrk lokaldemokratiet!

2022 Norsk fjellandskap og fjord, Sogn og Fjordane, Vestland
Over tid har sentralstyringa av kommunane og lokalsamfunna blitt sterkare gjennom stadig meir detaljerte lover, forskrifter og rundskriv. Utviklinga fører til meir byråkrati og mindre handlingsrom for det lokale folkestyret.

I nokon saker er ikkje staten samd med seg sjølv og det kjem ulike og ofte motstridande svar som kommunane må handtere. 

 

Det er det lokale folkestyret som er tettast på kvardagen til folk.  Dei er best egna til å finne gode lokale løysningar tilpassa kvart einskild kommune og sak.  Sogn og Fjordane Senterparti meiner det no er på høg tid med ein ryddejobb for å redusere styringstrykket på kommunane og gje enklare reglar for innbyggarar og næringsliv.

 

Sogn og Fjordane Senterparti vil:

Redusere styringstrykket:

  • Redusere styringstrykket på kommunane gjennom å redusere talet på lover og statlege reglar, og gje meir rom i lovverket, for at kommunane til å finne lokale tilpassingar.
  • Redusere krav til rapportering mellom stat og kommune.
  • Styrke den rettleiande rolla til staten og samtidig redusere kontrollrolla.
  • Terskelen for kommunar for å ta kontakt med og få råd av statlege etatar må senkast.
  • Redusere øyremerka ordningar og auke dei frie midlane til kommunane. 
  • Styrke kommuneøkonomien slik at ein har ein reell handlefridom til å gjere meir enn berre dei mest nødvendige lovpålagde oppgåvene.

 

Styrka lokaldemokrati i arealforvalting:

  • Krevje at offentlege etatar kjem med samla innspel til kommunale planprosessar.
  • Innføre tidsfristar for offentlege instansar i avklaring av spørsmål for kommunale tiltak og planar.
  • Differensiere matjord i planarbeidet slik at bustadbygging på matjord ikkje vert stoppa dersom jorda ikkje er i drift og heller ikkje er drivverdig.
  • Stoppe praksisen med at statsforvaltar går inn i alle kommunale dispensasjonssaker på førehand, samt heve terskelen for å gripe inn i lokalpolitiske vedtak i dispensasjonssaker.
  • Heve terskelen for motsegner.
  • Gje kommunane større handlefridom i planlegging og bruk av arealet sitt.
  • Gå imot å innføre nasjonalt myrvern.
  • Naturfarekartlegging skal som hovudregel berre krevjast ved etablering av nye byggefelt, næringsareal, bustadeiningar, eller dersom tiltaket kan gje auka naturfare rundt omkringliggande eigedomar.
  • Gå i mot marint vern av Sognefjorden.

 

Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane 1. mars 2026.