Vestland vil ha filmar på nynorsk
Skal nynorsk vere eit likeverdig skriftspråk med bokmål, må folk få høve til å møte nynorsk på kinoar og når dei loggar seg på strøymetenester som til dømes Netflix. Eitt tiltak kan vere at staten stiller språkkrav når det vert gjeve støtte til norske filmar. Vestland fylkesting meiner vidare at filmar som ligg an til å bli dei største kassasuksessane må ha teksting på både nynorsk og bokmål og at informasjonsmateriell ligg føre på begge skriftspråka. Det bør i tillegg vere krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene må vere på nynorsk. Filmar som blir vist gjennom Den kulturelle skulesekken må vere teksta både på nynorsk og bokmål.
Å vere trygg nynorskbrukar handlar mellom anna om å få møte eige skriftspråk i kvardagen. For mange vil det seie å få møte nynorsk på kino og strøymetenester. Vestland fylkesting ynskjer fleire trygge nynorskbrukarar og ber difor om tiltak som aukar delen nynorskteksting på kinofilmar og strøymetenestene.
Fråsegna vert sendt til:
- Regjeringa v/ Kultur- og likestillingsdepartementet
- Familie- og kulturkomiteen på Stortinget
- Stortingsbenkane frå Vestland
- Norsk filminstitutt