Gå til hovedinnhold

Vi døyr ikkje saktare i distrikta

2020 Ambulansetjenesten på Dombås, Oppland
Noreg skal vere eit trygt land å bu i – også i distrikta. Difor krev vi no ei nasjonal forpliktande responstid for ambulanse, uavhengig av postnummer. Liv og helse skal ikkje avhenge av geografisk busetnad.

Nedlegging og svekking av ambulansestasjonar blir no føreslått for å spare pengar. Dette er etter Sogn og Fjordane Senterparti sitt syn feil prioritering.  Når minutt avgjer liv, er beredskap ikkje ein kostnad – det er eit samfunnsansvar.  Liv kan gå tapt når responstida aukar.  Å spare pengar på beredskap er å skyve risiko over på folk som bur i distrikta, det er uakseptabelt.  Lik rett til akutt hjelp er eit nasjonalt ansvar. 

 

Nasjonal forpliktande responstid for ambulansetenesta må fullfinansierast av staten.

 

Tryggleik er ikkje noko ein skal konkurrere om.  Folk i distrikta har same verdi som folk i meir sentrale strøk, hjelpa skal kome i tide. 

 

Sogn og Fjordane Senterparti krev:

  • Ein nasjonal standard for responstid for ambulanse, som gjeld heile landet.
  • Stans i nedlegging av ambulansestasjonar.
  • Styrke satsinga på akuttberedskap i distrikta. 
  • Prehospitale tenester må fullfinansierast av staten.

 

Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane 28. februar 2026.