Det er venta rekordoppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter i år, godt over 2 000 delegatar til saman. Alle fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år og i år er alle i februar. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker. Fylkesårsmøta blir i år også avspark for Senterpartiets lange valkamp fram mot stortingsvalet i 2021.
Politiske verkstader
Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentralinnleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om de som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.
På fylkesårsmøta 2019 vart det vedtatt til saman over 100 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså om lag seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt, flest uttalar var innanfor desse tema: generelt mot sentralisering, kommune- og regionreform, politi, domstol, beredskap og kriminalitet, samt landbruk, skog, jordvern, mat og næring. Så vert det spanande å sjå kva som opptar fylkeslaga i år. Uansett; alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til og følgt opp av både sentralstyret i partiet og i alle komitear i stortingsgruppa.
Val av fylkesleiarar
Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.
100-årsjubileum
2020 er året Senterpartiet feirar 100 år og det skal sjølvsagt markerast på alle fylkesårsmøter på ulikt sett. Starten på jubileumet er sjølvsagt i Kristiansand, staden der partiet vart stifta for 100 år sidan. 7. februar vil sentralstyret i Senterpartiet møtast i Kristiansand før det vert jubileumsmarkering med kultur, mat, historie, humor og politikk – alt i samsvar med partiet sine verdiar om nærleik og folkestyre.
Rekordstore fylkesårsmøte
Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå talet på røyster i stortingsvalet i 2017, talet på lokallagsleiarar, gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyrer og fylkestingsrepresentantar. I tillegg kjem det og over 50 fleire lokallagsdelegatar då medlemstalet auka med 2498 i 2019 i Senterpartiet og Senterungdommen og er ved årsskiftet til saman 22 196 personar. Talet på ordførarar har også auka med over 30 til 137 etter valet i fjor haust, samt at talet på fylkestingsrepresentantar har også auka med 25. Derfor har lokallaga høve til å møta med godt over 100 fleire utsendingar ved årets fylkesårsmøte.
Senterpartiets fylkesårsmøter 2020:
FYLKE DATO |
STED/HOTELL |
SENTERAL INNLEDER |
MEDIAKONTAKT (navn, mailadresse og mobilnr.) |
Østfold 7.-8. februar |
Scandic Brennemoen Hotell i Indre Østfold |
Sigbjørn Gjelsvik |
Anne Koht-Norbye 92 84 83 34 – [email protected] |
Agder 7.- 8. februar (100- års jubileum 7/2, fylkesårsmøtet 8/2) |
Dyreparken hotell, Kristiansand |
Trygve Slagsvold Vedum og Anne Beathe Tvinnereim er tilstede 7. februar i forbindelse med 100- års jubileum |
Gunnar-Ole Lyngroth 95208959 |
Hedmark 7.- 8. februar |
Scandic Hamar |
Trygve Slagsvold Vedum |
Per Martin Sandtrøen [email protected] 924 53 347 |
Trøndelag 7.- 8. februar |
Scandic Hell |
Ola Borten Moe og Marit Arnstad |
Siv Sætran [email protected], 988 18 537.
|
Akershus 8.- 9. februar |
Clarion Hotel Conference Oslo Airport |
Anne Beathe Tvinnereim |
Medie og pressehub; [email protected] og [email protected] Link til arrangementet med div info: https://www.senterpartiet.no/lokallag-og-fylkeslag/akershus/aktuelt/fylkesarsmotet-2020 |
Møre og Romsdal 8.- 9. februar |
Hotel Union, Geiranger |
Ola Borten Moe |
Fylkesleder Tove Henøen, 926 89 727, |
Oppland 14.- 15. februar |
Strand Hotell, Gjøvik |
Sigbjørn Gjelsvik |
Kjersti Bjørnstad, 480 74 760 [email protected], |
Rogaland 14.- 15. februar |
Haugesund Scandic Maritim |
Trygve Slagsvold Vedum |
Kalle Mæland Nilsen 40858899 |
Hordaland 14.- 15. februar
|
Stord Hotell, Leirvik
|
Trygve Slagsvold Vedum |
Jostein Ljones, [email protected], 905 15 901 og Kari Aakra, [email protected], 97188516 |
Nordland 15.- 16. februar
|
Scandic Bodø Hotell |
Heidi Greni |
Svein Eggesvik [email protected] 934 55 726 |
Oslo 15. februar |
P-Hotels, Grensen 19 Oslo |
Per Olaf Lundteigen |
Medie og pressehub; [email protected] og [email protected] Link til arrangementet med div info: https://www.senterpartiet.no/lokallag-og-fylkeslag/oslo/aktuelt-i-oslo/Fylkes%C3%A5rsm%C3%B8tet-2020 |
Finnmark 15.- 16. februar |
Scandic hotell, Alta |
Anne Beathe Tvinnereim |
Rita H. Roaldsen, [email protected], 91588501
|
Buskerud 21.- 22. februar |
Klækken Hotell |
Sigbjørn Gjelsvik |
Brit-Tove Krekling [email protected] / 48142727 |
Troms 22.- 23. februar
|
Scandic Harstad
|
Liv Signe Navarsete |
Ingunn Merete Hals, 93852317, |
Vestfold og Telemark 28-29/2 (separate års-møte 09-12 29/2) + felles debattar før og etter) |
Hotel Klubben, Tønsberg |
Marit Arnstad
|
Sveinung Leikvoll, fylkessekretær, [email protected], 91393570 |
Sogn og Fjordane 28.- 29. februar |
Balestrand – Kviknes Hotel
|
Ola Borten Moe |
Torunn Flatjord, 41626602, [email protected] |