Meny
Linn Elisabeth UNGA

Inntrykk fra New York - Reisebrev nr 2

Publisert: 24 10 2022

Linn Elisabeth Dregelid har vært på FNs Generalforsamling, her er et lite innblikk i planlegging og reise.

Reisa starta laurdag formiddag heime i Sogn. Ein busstur til Bergen og ei natt på hotell seinare var eg klar for avgang til Oslo og deretter New York. Dagen starta tidleg, med frokost kl. 06.00. Flyturen over Atlanterhavet tok litt over sju timar, men med seks timars tidsforskjell kunne eg lande berre ein time etter avgang, i lokal tid begge stader, vel og merke. Det var lett å orientere seg på vegen frå Bergen til New York, men på Newark Airport vart det brått litt verre. Det var transport både her og der, men ingen tydleg skilting av kor eg skulle gå for å nå målet mitt på Manhattan. Eg hadde undersøkt litt på forhånd og tenkt å ta ein buss, men den gjekk ikkje frå terminalen eg hadde kome til. Då gjorde eg det einaste logiske når ein er i ukjent farvatn, eg følgde straumen. Og skilta som peika i retning av togstasjonen. Først måtte eg på eit lokalt flyplasstog, og når ein ikkje veit kva tog ein skal ta i kva retning, så må ein spør. Eg spurte først nokon som snakka norsk, vi var jo praktisk tala i familie, i alle fall same språkfamilie. Dei var litt usikre, og viste meg til ei dame som jobba der. Ho skunda meg inn i eit tog som akkurat ankom stasjonen. Her går det fort nemleg. Fortare enn ein kan orientere seg, og fortare enn eg kunne tenke. Eg hadde ikkje nokon aning om kor tid eg skulle gå av toget, men eg kom meg av og på eit nytt, før eg skulle på eit tredje tog. Mitt første inntrykk var stress. Her går alt i høgt tempo. Skiltinga fungerer sub-optimalt, og ein kan ikkje vere framand for å spør om hjelp.

 

Men kjensla av å vere framand gjer meg ikkje unormal i New York. Sjansen for at ein skil seg ut i New York er særs liten. Eg med mine norske vanar og utsjånad klarer ikkje å skilje meg ut om eg så prøver. Men nokon klarer, av ulike årsaker, å skilje seg ut. Noko dei då eigentleg ikkje gjer, fordi det alltid er nokon som kan overgå dei. På Grand Central Terminal sit ei dame og les, veldig høgt, frå ei bok. I det eg skal krysse ei gate høyrer eg høglydt kjefting frå ei dame på andre sida av gata. Ho skrik: «Everytime you do shit like that, everyone realizes you’re a fucking Disney princess». Eg kan ikkje sjå kven ho kjefta på, dei einaste i nærleiken er ein bil som køyrde forbi og meg sjølv. I ein gang på veg opp frå plattforma i undergrunnen har ein mann i bar overkropp med ei jakke delvis over seg lagt seg til å sove. Det er ikkje den einaste personen eg ser som søv på gata. Og New York kan skilte med betre velferdsordningar enn resten av USA. I gata der hotellet mitt ligg, like ved hovudkvarteret til FN, står ein eldre, sliten og tilsynelatande forlaten bygning med knuste vindaugsruter. Enorme skyskraparar og forfalne bygg ligg om kvarandre. Dresskledde menn som hastar forbi og skjortelause menn som tiggar. Menneske som har ein engasjert samtale om å ikkje ete kjøt fordi ein vil bli prega av den same traumatiseringa dyra har vore utsett for, og menneske som openlyst røyker marihuana og spreiar den etterkvart umiskjennelege stanken av hasj til alle oss andre. New York er fylt av inntrykk og kontrastar. Når eg ser trafikken utanfor hotellvindauget mitt klokka fem om morgonen undrar eg meg på kva alle desse menneska gjer og skal, særleg på denne tida av døgnet. Tankane farer hen mot «the city that never sleeps» og amerikanske myter om berømmelse og rikdom. Eg kan ikkje unngå å få assosiasjonar til maurtuene frå heimlege trakter. Om berre nokre få timar er det min tur til å haste av gårde der ute.

 

Dagen min skulle starte på kontoret til den norske FN-delegasjonen. Der var planen å møte ei av dei tilsette som skulle hjelpe meg med å skaffe adgangskort til FN og gi meg ein innføring i arbeidet deira og mi rolle denne veka. På agendaen framover sto mellom anna internasjonal kriminalitet, likestilling, menneskehandel, vold, utdanning, utanomrettslege drap og barns rettar. I tillegg kom det ei overrasking eller to, som ein bonus og eit djupare innblikk i kompleksiteten i FN. Eg skulle få oppleve både kor vanskeleg og kor viktig arbeidet i FN kan vere. Eg kan ikkje anna enn å gle meg over å få delta på ein slik arena, og ser fram til å dele vidare av mine opplevingar og erfaringar i neste reisebrev.