Meny
Linn Elisabeth holder innlegg

Senterkvinne tala i FN

Linn Elisabeth Dregelid frå Sogn og Fjordane fekk stipend til å representere norske kvinneorganisasjonar på FN si generalforsamling, taletid fekk ho og. Her er ein rapport om opplevinga og viktige saker.

Våren 2022 vart det lyst ut stipend frå UD til sivilsamfunnet for deltaking på FNs generalforsamling hausten 2022. Det eine stipendet vart lyst ut via FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål) og deira medlemsorganisasjonar, deriblant Senterkvinnene. Fleire stipend vart lyst ut via Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Både FOKUS og LNU er paraplyorganisasjonar, for henholdsvis kvinneorganisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonar. I møter i forkant av reisa vart eg kjend med at det var tre andre deltakarar frå sivilsamfunnet. Vi hadde ulike interessefelt og fekk sjølv velge kor tid vi ville reise til New York og følge generalforsamlinga. I motsetning til kva eg trudde då eg søkte, så var det ikkje eit skreddarsydd opplegg, og eg måtte manøvrere i ukjent farvatn for å planlegge og organisere reisa mi sjølv. Ulike tematiske område var fordelt utover dei åtte vekene generalforsamlinga varte. Som representant for FOKUS og Senterkvinnene valgte eg å reise i veke nummer to, då «advancement of women» sto på agendaen, i tillegg til kriminalitet, IKT og narkotika, og barns rettar.

 

Då eg kom til New York søndags ettermiddag, vart det eit overveldande møte med ein travel by. Ei ubehageleg eim av det som skulle vise seg å vere marihuana traff meg i det eg tok mitt første steg ut i byen frå Penn Station. Denne eimen kom både titt og ofte når eg vandra gjennom gatene, og forsterka inntrykket av ein sliten og skitten by. Men New York er ikkje berre byen som aldri søv, den er også fylt av kontrastar. Det var ikkje langt frå forfalne hus og bossekkar på gata til monumentale høghus og dyre designerbutikkar. Nokon laga seg sengeplass i ein huk eller ein gang på undergrunnen, medan andre gjorde seg klar til glamorøse festar og dyre middagar.

 

Mandag fekk eg møte den norske FN-delegasjonen på kontoret deira i 35.etasje, med fantastisk utsikt over East River ved Manhattan. Det var eit hyggeleg møte med kunnskapsrike og imøtekommande tilsette. Eg vart følgd innom eit noko stusseleg kontorbygg der FN delte ut adgangskort til FN-bygningen. Eg vart fortalt at FN ikkje prioriterte slike fasilitetar i budsjetta sine. Seinare fekk eg også vite at all den storslagne kunsten i hovudkvarteret og mykje av interiøret er gåver frå medlemsland, og at sidan det skortar på pengar så brukar dei arkitektoniske triks for å skape illusjonar om storleik.

 

Då eg kom på jobb tysdag var det morgonmøte for å planlegge veka. Eg skulle følge tredje komité, som tar for seg sosiale, kulturelle og humanitære spørsmål. Det er mange møter og få ressursar, så ein må prioritere. Eg skulle delta i generaldebatt der temaet var «advancement of women». Brått får eg spørsmål om eg vil halde eit av innlegga for Norge i dag. Eg kan ikkje la sjansen gå frå meg, og svarar umiddelbart ja. Eg får ti minutt å lese gjennom teksten og forberede meg før vi skal gå bort til FN-bygningen for dagens første møte. Mitt innlegg er under første agendapunkt i ein interaktiv dialog med UN Women. Her gjeld det å trykke på mikrofonknappen til rett tid. Ein veit ikkje kva nummer ein får i rekka, og eg måtte berre vere klar når ordstyraren ga ordet til Norge. Innlegget dreia seg om digital vald, med fokus på særskilt utsette grupper som kvinnelege menneskerettsforkjemparar, journalistar og aktivistar. Kvinner med offentleg profil og unge kvinner er òg særleg utsette. Digital vald er når digitale plattformer vert brukt til å trakassere, krenke, true og utpresse. Det er også digital vald når privat informasjon eller bilete vert spreidd, og ved vising eller utføring av overgrep. Digital vald skjer gjerne i eit kontinuum av fysisk vald. Heile 73% av kvinnelege journalistar har opplevd digital vald i samanheng med arbeidet sitt, og 58% av kvinnelege parlamentarikarar har vore utsett for digitale angrep. Dette har konsekvensar for helse og trivsel, i tillegg til konsekvensar på samfunnsnivå dersom kvinner ikkje kan delta i offentlegheita på like vilkår som menn. Innsats mot digital vald er eit prioritert område for Noreg.

 

Det er inspirerande å sjå at så mange representantar frå ulike land snakkar saman og lyttar til problemstillingar som gjeld både lokalt og globalt. Verdsdemokratiet FN er ein viktig arena for å bidra til positiv samfunnsutvikling i alle medlemslanda. Til tross for tilbakeslag og lange prosessar, er det viktig å halde fokus på overordna tema som gradvis kan bidra til ein betre situasjon for mange. Som dei sa der borte, FN er ikkje perfekt, men alternativet er verre. Nokon land, som Noreg, er oppteken av at representantar frå sivilsamfunnet skal få delta og få innblikk i kva FN er og korleis dei jobbar. Sivilsamfunnet er eit viktig element i arbeidet til FN, både for å sikre opne og transparente prosessar, men også fordi sivilsamfunnsorganisasjonar er viktige aktørar for å løyse konkrete oppgåver og bidra i arbeidet med FNs bærekraftsmål.

 

Reisa til FNs hovudkvarter i New York var relativt kort, men eg sit igjen med erfaringar og opplevingar som vil bli med meg i lang tid framover. Eg har vorte inspirert av innsatsen til den norske FN-delegasjonen, av spesialrapportørar og nasjonale innlegg, av både innhald og perspektiv. FN har likskapstrekk med politikk i mindre skala, og eg ser at mange saker kan relaterast til både nasjonal og internasjonal kontekst. Eg har allereie fått fleire sjansar til å dele av erfaringane mine, og håpar dei kan vere til nytte på ulike arenaer framover.