Meny

Ada Arnstad valt som leiar i Senterungdommen

Ada Johanna Arnstad blei på Senterungdommens landsmøte i Tromsø i går attvalt som leiar i Senterungdommen for ein tredje periode. Dette gjer Ada Arnstad historisk som den lengstsittande kvinnelege leiaren i Senterungdommen.

«Det er ei stor ære å bli attvald, og eg gler meg til å ta fatt på eit nytt år som leiar for organisasjonen i mitt hjarte. Vi står ovanfor eit lokalval i 2019 der me ligg an til å gjere eit av våre beste val nokon sinne, og Senterungdommen kjem til å spele ei avgjerande rolle.»

Saman med seg i arbeidsutvalet har ho fått med seg Torleik Svelle som politisk nestleiar og Annette Lindahl Raakil som organisatorisk nestleiar. Svelle kjem frå Oppland og studerer ved NTNU i Trondheim, og Raakil kjem frå Østfold og jobber til dagleg i kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Elles ser det nye sentralstyet i Senterungdommen slik ut:

Leder:                                     Ada Johanna Arnstad (26)                 Trøndelag.

Politisk Nestleder:                  Torleik Svelle (22)                              Oppland.

Organisatorisk Nestleder:      Annette Lindahl Raakil (26)               Østfold

Internasjonal Leder:               Bent-Joacim Bentzen (27)                  Nordland

1.Styremedlem:                      Emma Berge Ness (20)                       Sogn og Fjordane

2.Styremedlem:                      Dorthea Elverum (22)                        Trøndelag

3.Styremedlem:                      Jesper Nohr (21)                                Hedmark

4.Styremedlem:                      Kari Jordal (23)                                   Hordaland

5.Styremedlem:                      Odin Dybdahl Aarlid (19)                   Telemark

1.Vara:                                    Henrik Nordtun Gjertsen (19)            Rogaland

2.Vara:                                    Mattis Minge (19)                              Østfold

3.Vara:                                    Lars Myhr Sandlund (19)                   Trøndelag

4.Vara:                                    Oda Maria Hokstad (22)                    Vestfold

5.Vara:                                    Henrik Hageland (19)                         Rogaland