Meny

Alle treng fastlegen

Sist endret: 27 09 2020

5.desember er fastlegedagen. I Norge har vi hatt fastlegeordninga sidan 2001. Då fekk alle innbyggjarar busett i Norge ein fast allmennlege å forholda seg til. Evalueringar har vist at ordninga i all hovudsak har vore vellykka. Men no er fastlegeordninga truga. Nye legar vegrar seg for å bli allmennlegar i kommunane. Etablerte legar vurderer å slutte, skriver Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant Sp

Det er eit politisk ansvar å snu denne utviklinga. Fordi det er eit politisk ansvar at situasjonen er blitt slik den er blitt. Storting og regjering har heilt bevisst latt kommunane og fastlegane fått tatt over oppgåver frå  sjukehusa, utan at  fastlegeordninga er blitt styrka. Samhandlingsreforma og  tronge sjukehusbudsjett gjer at pasientar i dag blir tidlegare utskriven frå sjukehus. Også mange fleire eldre gjer at fastlegane får meir å gjere i kommunane.

Med Samhandlingsreforma i 2012 blei det lova om lag 2000 fleire legeårsverk i kommunane. Riksrevisjonens si undersøking i 2015 viste at det frå 2011-2014 blei knapt 490 fleire legeårsverk i kommunane, mens det blei omlag 1270 fleire legeårsverk på sjukehus.  Kommunen og fastlegen behandlar altså mange fleire pasientar enn før, sjølv om dei i berre liten grad har fått auka kapasiteten.  I tillegg kjem alle slags attestar som fastlegar blir pålagde å skrive ut. Som legeattestar til halvsjuke elevar i vidaregåande skular som berre er redde for fråværsgrensa si.

Senterpartiet meiner at regjeringa ikkje har gjort nok for å redde fastlegeordninga. No vil helseminister Bent Høie vente heilt til 2020 før det blir fremma ein handlingsplan for fastlegeordninga. Det er rett og slett ikkje godt nok. Då har Høie ikkje forstått alvoret.  Ei oversikt VG gjorde sommaren 2017 viste at svært mange kommunar slit med å få ta i nok fastlegar. Ordninga held på å bryte saman.

Senterpartiet vil ha handling no. Vi vil evaluere samhandlingsreforma for å hindre at nye oppgåver vert pålagt fastlegane utan at kapasiteten i ordninga vert auka. Vi vil kutte i listelengda til fastlegen slik at det blir meir tid å følgje opp kvar pasient. Vi vil rekruttere fleire unge legar inn i yrket, og etablere ei nasjonal ordning med utdanningsstillingar for allmennlegar der dei vert tilbydd fastlønn. 

Vi meiner at legestudentar må ha mykje meir praksis i kommunehelsetenesta. Det trur vi kan lette legerekrutteringa til kommunane. I dag  har studentane berre nokre få veker i kommunehelsetenesta i løpet av 6 års studium. Vi meiner og at fleire av legane vi treng, må utdannast i Norge. I dag vert nesten halvparten av legane vi treng, utdanna i utlandet. Vi vil og auke talet på turnusplassar, eller Lege i spesialisering (LIS 1), som det heiter no. 

Fastlegeordninga er grunnmuren i helsetenesta vår. Dei står og for legevakt, som er heilt nødvendig for å sikre lokal beredskap. Alle treng fastlegen sin. Uansett kven du er, om du er nyfødd , i din beste alder eller gammal og skrøpeleg.  Å ha ein fast allmennlege å kontakte, er bra for alle. Undersøkingar viser at folk har stor tillit til ordninga.  Senterpartiet vil styrke fastlegeordninga.  Vi prioriterer det viktigaste fyrst . Utan fastlegar stoppar helse- Norge.