Meny

Åsane: Telleviktrafikken kan lett reduserast

I intervju med Åsane Tidende fortel Haakon Lønning Aarø om Senterpartiet sine løysingar for å redusere trafikken gjennom Tellevikveien

Aarø peikar på ei løysing med elektoniske bommar langs Tellevikveien som eit alternativ, ein etter avkjørsla frå Nordhordlandsbrua og ein ved Ulsetstemma (ved BIR). Aarø seier i intervjuet: - Bilar som køyrer gjennom båe bommane innanfor ein time må betala bompengar. Køyrer ein berre gjennom dei eine bommen, køyrer ein gratis. Han peikar føremonene framlegget har: det legg ikkje fysiske hindringar i vegen for nokon og trafikken vil bli kraftig redusert.Det krev heller ikkje anleggsarbeid langs vegen.  Aarø har ikkje sansen for Statens vegvesen sine framlegg til løysingar i området. Dei vurderer m.a trafikkregulering, ombygging og stenging. - Felles for alle desse alternativa er at innbyggjarane i Salhusområdet får svi. Me i Senterpartiet har fleie gonger lansert eit anna alternativ som ikkje straffar lokalmiljøet, avsluttar Aarø.