Meny

Bibliotek, svømmehall og 4-H-garden

Senterpartiet satsar i Arna

 

I vårt alternative budsjett for 2015 fremjer vi flg saker:

Biblioteket i Arna

  • Vi ynskjer å behalde biblioteket i Ytre Arna, og set av midlar til dette.

    Frå vårt budsjett:

«Bibliotek

Vi vil styrkje bibliotektilbodet, også i bydelane, og set av ekstra midlar til dette. Vi går i mot å leggje ned biblioteket i Ytre-Arna.

Symjetilbodet

Senterpartiet har over tid arbeida mot at symjetilbodet i Arna skal svekkast. Vi har difor sett av midlar i vårt budsjett for å hindre dette. og er opptekne av at etableringa av ADO Arena ikkje skal gå ut over bassengtilbodet i bydelane. Vi er uroa over byrådet sine haldningar i denne saka.

Frå vårt budsjett:

Auka midlar til drift og vedlikehald av badeanlegg

Senterpartiet har tidlegare peika på at det er ei urovekkande utvikling i symjedugleiken mellom dei unge i Bergen. For å betre symjeundervisninga, så vel i skulen som på fritida, vil vi sette av ekstra midlar til drift og vedlikehald av badeanlegg. Dette vil stimulere til auka symjedugleik både hjå barn og vaksne. Etableringa av ADO Arena må ikkje nyttast som argument for nedlegging av symjeanlegg i bydelane .

 

4-H-garden

  • Vi ynskjer å styrke drifta av 4-.H-garden på Garnes. Tilbodet den gjev til born og ungdom som ikkje elles har kontakt med dyr

 

Frå vårt budsjett:

Styrkje 4-H garden

  • Senterpartiet set av 0,5 million til dette tiltaket kvart av dei neste 4 åra. Det blir stadig færre gardsbruk i drift i Bergen, difor er det viktig å oppretthalde gardsbruk som kan leggje til rette for barns kontakt med dyr og som kan bli brukt i undervisningssamanheng.

  • Jordvern

  •  

  • Det er press på dyrka mark i heile kommunen, med spesielt i Arna. Dette er vi i Senterpartiet  uroa over:

  • Frå vårt budsjett:

Dyrka mark

  • Dyrka mark er ein fornybar ressurs som ikkje let seg erstatte. Å sikre eit lokalt landbruk er ein føresetnad for å kunne tilby innbyggjarane trygg, kortreist mat. Kommunen er ein stor eigar av jordbruksareal og har eit sjølvstendig ansvar for å ta vare på og syte for at arealet er i drift (gjerne gjennom utleige). Senterpartiet meiner at å verne om matjord må vere det viktigaste omsynet når omdisponering av areal skal gjerast i kommunen.

 

Lokaldemokrati

Senterpartiet er opptekne av lokaldemokratiet. Vi ynskjer å gjeninnføre bydelsstyreordninga, men dette let seg ikkje gjere før etter valet. Mange opplever at det er «lang veg» fram til dei styreande i kommunen. Vi vil difor innføre folkemøte i bydelane.

Kommunereforma er og ein høgst levande debatt, som vedkjem Arna i stor grad:

Frå vårt budsjett:

 

Merknad – folkemøte i bydelane

  • Bystyret ønskjer å engasjere byens innbyggjarar sterkare i det som skjer i byen og at bystyre og byråd får fleire innspel frå innbyggjarane i lokale saker. Det bør derfor etablerast ei ordning med lokale møte minst 2 gonger i året i kvart bydel der byråd og partirepresentantar møter folket i opne folkemøte. På desse møta skal folket stå i sentrum og det skal ikkje være debatt politikarane i mellom, men ein svare på spørsmål frå deltakarane. Møta kan når det passar også knytast til aktuelle og viktige saker i bydelen, t.d. store utbyggingssaker og skuleomleggingar, men desse må gjerne kome i tillegg.

  •