Meny
Bli medlem

Erlend Grimstad utnemnd til statssekretær i LMD

Sist endret: 27.09.2020
Kongen har i statsråd i dag utnemnd sjølvstendig næringsdrivande Erlend Grimstad (45), Skedsmo, som statssekretær for statsråd Trygve Slagsvold Vedum i Landbruks- og matdepartementet. Grimstad tek over etter Harald O. Buttedahl, som samstundes har fått avskil i nåde.

Erlend Grimstad er no 1. kandidat for Akershus Sp og næringslivsmann. Han er 45 år, utdanna jurist, gift trebarnsfar og opprinnlig frå Råde i Østfold.

Erlend Grimstad har tidlegare hatt stillingar i næringslivet, m. a. konserndirektør i UMOE. Han var politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet 1997-1999 og statssekretær i same departement 1999-2000, i Kjell Magne Bondevik si første regjering. Grimstad er tidligare leiar i Senterungdommen (1988 – 1989).