Meny

Bygdene og distrikta har så mykje meir å gje!

På kommentatorplass i BT syner ein til feilslåtte «kampanjar» om å tiltrekkje seg nye innbyggjarar i distrikta som omhandlar blant anna kjendisar i reklamefilm, nakne badande ordførarar og svulstige bilete frå naturen.

- av Hans Inge Myrvold, 3. kandidat Senterpartiet Hordaland og ordførar i Kvinnherad

I same artikkelen avsluttar ein med at lærdomen må være at bygda er bygda, og den er god nok som den er.

Ein skulle nesten tru at dette var ein blåkopi frå partiprogrammet til Høgre inn i denne valkampen, og gjennom dei siste 8 åra: «Bygda er bygda, og den er god nok som den er».

Det er ingen tvil om at distrikta og bygdene har store behov, til liks med byane, i å utvikle seg og skapa rammer for eit godt liv, trygge arbeidsplassar og gode velferdstenester.

Senterpartiet tar til ordet for Bygdevekstavtaler, som eit ledd i å skapa naudsynt merksemd og drahjelp for å snu ein ekstremt utfordrande situasjon for distrikts-Noreg. Gjennom slike Bygdevekstavtaler vil ein saman med kommunar og fylkeskommunar sikra tiltak for at lokalt næringsliv kan styrkje og skapa arbeidsplassar. Parallelt med dette tidenes styrste fylkesvegløft, som sikrar at bygder og regionar har framkomelege vegar og at me kan binda oss tettare saman.

Beredskap og velferd er to andre områder som Senterpartiet meiner må styrkjast. Alle, kvar enn ein bur, må være sikra øyeblikkeleg hjelp om det er brann, redning, ambulanse eller politi. Samstundes må ein sikra kompetanse og rekruttering i den kommunale pleie- og omsorgsektoren.

Det er ingen nyheit at kommune-Noreg skrik etter merksemd, for ei utvikling som er i tråd med dei behov som er rundtom i alle kommunar. Oppskriften gjennom dei siste 8 åra, har gitt oss tidenes reformboom, der fellesnemnaren er avstand og auka byråkratisering i det offentlege. At kommunane sender ut reklamekampanjar for å vekke merksemda til Erna & co er ikkje rart, då bygda har så mykje meir å tilby enn det sitjande regjering har evne til å sjå.
 

Senterpartiet, nær folk!