Kristeleg Folkeparti sitt budsjettforlik med regjeringspartia er dårleg nytt for Hordaland. I statsbudsjettet låg det inne to svært viktige saker som KrF ikkje har prioritert i sine forhandlingar, skriv Kjersti Toppe.
- av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for Senterpartiet
Den eine saka gjeld ubåten utanfor Fedje. Regjeringa har i statsbudsjettet føreslått at kvikksølvet ikkje skal opp. Ubåten skal tildekkast. Eit fleirtal av partia i dagens opposisjon på Stortinget, inkludert Senterpartiet, har varsla at saka må lyftast ut av statsbudsjettet og bli behandla som eiga sak. Det meinte KrF også. Men dei prioriterte ikkje denne saka i sine møter med H, FrP og Venstre. Det er synd. Dette er ei viktig lokal, regional med også nasjonal sak. Korleis dei langsiktige konsekvensane blir ved tildekking, må ein kunne vere trygg på. H og FrP har lukkast med å gøyme denne saka inne i eit stort statsbudsjett. Slik vil dei unngå å bli konfrontert , unngå å stå til ansvar. Partia lova som kjent i valkampen i 2013 at ubåten skulle hevast, dersom dei vann stortingsvalet. Det vann, men ubåten blir ikkje heva. Ikkje kvikksølvet ein gong.
Den andre saka gjeld Ulvsnesøy fengsel, Bergen fengsel avdeling Osterøy. Regjeringa har føreslått å leggje ned denne avdelinga. På trass av at fengselet ligg på topp når det gjeld utdanning, eksamenar og det å tilbakeføra innsatte til samfunnet. Her har også KrF svikta. Det på tross av at KrF sin ordførar på Osterøy har vore blant dei fremste for å hindre ei nedlegging. Saka handlar ikkje berre om Ulvsnesøy, men om kva kriminalomsorg ein skal ha i dette landet. Skal det vere kun store fengsel, med « effektive» soningar, eller skal vi ha mangfald og prioritere tiltak som faktisk er gode på å tilbakeføre til samfunnet, som er sjølve målet med soning?
Det er tydeleg at Hordaland er blitt gløymt i KrF sine prioriteringar. Den blå- blå regjeringa skulle liksom vere så viktig for Vestlandet. Men no har Hordaland blitt gløymt. Begge desse sakene har ein ting til felles, KrF hadde hatt fleirtal med Ap, Sp og Sv.