Meny

Det norske folk er ikke godt nok førebudde på kriser

Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Justis- og beredskapsministeren må sjå til Sverige. Eigenberedskap er ein viktig del av totalberedskapen.

Er det norske folk godt nok førebudde på ulike kriser? Nei, er svaret mitt. Det blir i desse dagar sendt ut ein brosjyre til alle innbyggjarane i nabolandet vårt, Sverige, som heiter «Om krisen eller kriget kommer». Brosjyren gir mange råd om korleis folk sjølve kan førebu seg på ulike uønska hendingar.

Eg meiner det òg i Noreg må leggjast større vekt på eigenberedskap i hushalda som eit viktig ledd i totalberedskapen vår.

Generasjonen som opplevde andre verdskrigen var meir bevisste på behovet for å tenkje eigenberedskap enn det dagens unge er. Det er naturleg at det er slik, men det er ikkje bra. Flest mogleg bør leggje til rette for å kunne ta vare på seg sjølve og familien når noko hender.

Det er derfor ein fordel med målretta rådgjeving om korleis folk kan vera førebudde på dei mest sannsynlege situasjonane, som straumbrot, stopp i vassforsyninga og skred, flaum og ekstremvêr. Dersom ein har førebuddseg på slike situasjonar, har ein samtidig førebudd seg på andre alvorlege hendingar. Det er mange av dei same grepa som er tilrådde i ulike krisesituasjonar.

Innsatsen til myndigheitene og frivillige beredskapsaktørar er grunnleggjande viktig når noko alvorleg hender. Viss flest mogleg hushald i Noreg sørgjer for å ha ein god eigenberedskap, vil dette tryggje samfunnet vårt ytterlegare. Eit godt førebudd folk vil sørgje for meir stabilitet og ein viss normalsituasjon når ein eller fleire kritiske samfunnsfunksjonar blir sett ut av spel i ein periode.
 
Og ikkje minst: Dette vil gi både offentlege og frivillige beredskapsaktørar meir tid til å planleggje kor og korleis dei skal setje inn ressursar for å avgrense skadane mest mogleg.

I den nemnte svenske brosjyren, som er laga av Myndigheten för samhällsskydd och beredskap (MSB) på vegne av den svenske regjeringa, blir det vist til situasjonar der straumen går, eller mangel på mat og andre varer i butikkane. Råda gjeld òg hendingar som fører til drivstoffmangel, om det ikkje lenger kjem vatn frå springen eller i toalettet, og om bankkort, minibankar, mobilnettet eller internett ikkje lenger fungerer.

Vidare blir det nemnt at kollektivtrafikk og andre former for transport kan bli ståande stille, og at det kan oppstå problem med få tak i viktige medisinar og medisinsk utstyr. I tillegg inneheld brosjyren råd om korleis ein kan gjennomskode falsk informasjon og fiendtleg propaganda.

Forhåpentlegvis slepp vi nokon gong å oppleve dei fleste av desse moglege krisene. Det er likevel viktig at vi er innforstått med at dette er kriser som i høgste grad kan oppstå med større eller mindre alvorsgrad.

Eg meiner norske myndigheiter bør ta ei liknande haldning til temaet eigenberedskap som svenske myndigheiter gjer med denne nye brosjyren dei sender ut. Enkle grep kan nemleg takast i heimane for å redusere potensielle skadar mest mogleg og for å gjera det mogleg å oppretthalde ein tilnærma normaltilstand heime medan ei krise pågår.

I februar la Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) fram ei befolkningsundersøking om risikooppfatning ogeigenberedskap i Noreg. Undersøkinga viste at under halvparten av dei som vart spurte har tenkt gjennom kva farar, ulykker og problem som kan oppstå i heimen. Eit interessant funn var at folk på bygda var betre førebudde enn folk i byane. Særleg dei unge i byane hadde låg grad av eigenberedskap heime.

Direktør Cecilie Daae uttalte at kjennskapen til krisehandteringstiltak i eigen kommune og nærområde er for låg. Ho meinte det er behov for tiltak som i større grad set eigenberedskap på dagsorden igjen, og sa: «Blant annet fordi risiko- og trusselbildet er i endring. Og ikke minst fordi vi blir stadig mer avhengige av kritiske samfunnsfunksjoner, som strøm, mobilnett, internett, transport, vann og avløp. Det gjør oss sårbare – i alle fall hvis vi ikke er godt nok forberedt.»

DSB planlegg for tida ein eigenberedskapskampanje i Noreg som skal gi innbyggjarane råd om korleis dei kan førebu seg på uønska hendingar, til dømes dersom kritisk infrastruktur blir sett ut av spel i ein periode. Dette meiner eg er eit viktig tiltak, og det er svært positivt at det blir meir fokus på dette temaet framover.

Mellom anna har DSB tenkt å bruke sosiale media for å spreie bodskapen, men eg har forstått det slik at det ikkje er meininga å trykkje opp brosjyrar slik som det blir gjort i Sverige.

Dette meiner eg er synd. Eg meiner Justis- og beredskapsministeren bør vurdere om ikkje også norske myndigheiter bør sende ut ein fysisk brosjyre til folk – tilpassa norske forhold sjølvsagt.

Mange av dei same råda som står i den svenske brosjyren finn ein i dag på nettsider som sikkerhverdag.no og kriseinfo.no. Dette er gode tiltak, men det er informasjon som innbyggjarane sjølve må søkje seg til.

Veldig mange gjer ikkje dette. Det er stor skilnad på kor bevisste folk er på problemstillinga, og mange kunne med fordel få augene opp for kor mykje dei sjølve kan bidra med til eigen tryggleik.

Det er heller ikkje alle som har like mykje kompetanse på internett, eller som bruker sosiale media aktivt.

Ein liknande brosjyre som den i Sverige vil kunne vera eit viktig supplement til eigenberedskapskampanjen som DSB planlegg. Målet må vera at innbyggjarar i Noreg mottek denne viktige informasjonen uavhengig av kor dei bur og kva for ein digital kompetanse dei har.