Meny

Domstolane viktigast

Sist endret: 27 09 2020

I striden om framtida til domstolane våre, har eg markert tydeleg at Stortingets vilje må gå framfor Domstoladministrasjonens (DAs) vilje. Om ein skal behalde mangfaldet av domstolar eller drive massiv sentralisering kan DA gjerne ha sterke meiningar om. Dette har dei då vitterleg hatt i mange år òg, skriv Jenny Klinge.

- av Jenny Klinge, justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Synet til DA har vore massiv sentralisering. Det triste er at verken DA og Dommarforeininga har hatt evne eller vilje til å få fram at det er ulike syn om dette blant domstolleiarar og deira tilsette. Medan direktøren i DA, Sven Marius Urke, fekk plass i den domstolkommisjonen som i september la fram sitt framlegg til sentralisering av domstolane, fekk ikkje ein einaste representant frå dei mindre domstolane plass der. Dette trass i at dei hadde levert mange framlegg til aktuelle medlemmar.

Urke har svart på mitt utspel om DAs rolle, og seier dette: «Domstolene bør ikke være gjenstand for politisk spill». Men sjølvsagt skal då domstolane vera gjenstand for politikk - politiske debattar og avvegingar trengst for at vi skal fatte gode avgjerder. DA har ytringsfridom i denne debatten, men kva skjer når meininga deira ikkje er i tråd med stortingsfleirtalet – forheld dei seg då til denne?

DA har ikkje vore evaluerte sidan dei vart oppretta for snart 20 år sidan, og vi i Senterpartiet gjer no framlegg om det. Dette forvaltningsorganet, som skal tene domstolane, har i årevis ønskt å redusere talet på tingrettar kraftig.

Då er det naturleg at ein ser på om den politiske agendaen deira har gitt seg utslag i ulike prioriteringar (td bemanning, digitalisering, lokale og husleigekontraktar) for domstolar dei har ønskt å behalde og domstolar dei har meint skal nedleggast.

Viss dette har skjedd, er det ikkje berre DA som skal ha ein rapp over fingrane. I høgste grad er det rett å sjå på kva regjeringa har drive med desse åra. Har Erna Solberg sitte stille i båten medan DA har samla fisk i ulike merder basert på kva domstolar dei meinte hadde framtida for seg, for så å fôre desse ulikt?

I 2016 skreiv Urke ei sak til DA-styret med tittel «Utredning av fremtidig domstolstruktur – begrensninger i økonomiske disposisjoner». Der stod det dette om domstolar som «antas aktuelle for strukturendringer»: «etablering av nye leieforhold bør unngås, og dermed også store utgifter forbundet med flytting av domstoler. Dette omfatter investeringer i nytt inventar og utstyr i rettssaler.» Det står vidare at oppgraderingar og ombyggingar av lokala til slike domstolar ikkje er hensiktsmessig. Ved ledig stilling som domstolleiar ved desse domstolane er løysinga i styrepapira midlertidig tilsetjing eller felles leiing med ein nabodomstol. Og så vidare.

Senterpartiet ønskjer ei evaluering av DA gjennomført av ein uavhengig aktør. Media har framheva at eg er open for å leggje ned heile DA, men dette er ikkje noko verken eg eller partiet har fronta. Ei evaluering skal først og fremst sjå på korleis DA har fungert til no. Om det er aktuelt med ei omorganisering av DA, skal ikkje eg spekulere i. Det oppstår gjerne ubehag og dårleg arbeidsro når framtida blir usikker, dessverre. Dette har mange tilsette i domstolane rundt om kjent på lenge - nettopp på grunn av sentraliseringskøyret til DA. Når alt kjem til alt er framtida til domstolane viktigare enn framtida til det organet som forvaltar dei.