Meny

Du har ein jobb å gjere, Høie!

Sist endret: 27 09 2020

Korleis kan ein forvente at sykehusleiarane skal vere oppteken av pasienttryggleik, når dei fyrst og fremst blir målt på ventetider og effektiv ressursbruk?, spør Kjersti Toppe i dette innlegget.

- av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for Senterpartiet


Overlege og professor Hans Flaatten på Haukeland Universitetssjukehus utfordra helseminister Bent Høie i eit innlegg i BT 1. desember på tiltak slik at helsevesenet kan lære av kvarandre sine feil. Helseminister Høie svarar i BT 4. desember at han vil utvide varslarordninga til kommunane og innføre ein undersøkelseskommisjon for helsetenesta. Kvalitet og pasienttryggleik er sett som eit av tre hovudmål i oppdragsdokumenta til føretaka. Dette kan høyrast flott ut. Men det imponerer ikkje meg.

For samtidig som Høie gjer dette, føreslår han for Stortinget å leggje ned meldeordninga i spesialisthelsetenesta (etter spesialisthelsetenestelova §3-3). Meldeordninga blei oppretta som ein sanksjonsfri meldeordning for uønska hendingar, og som er brukt til avklare saker og førebygge at tilsvarande skjer igjen. Meldingane som kjem inn, vert nytta til å lage læringsnotat og ein årsrapport med samla statistikk.

Både sjukepleiarforbundet, Legeforeninga og Helsedirektoratet er imot Høie sitt forslag. Helsedirektoratet skriv i sin høyringsuttale at den største konsekvensen av å avvikle meldeordninga, er at ein misser eit stort datagrunnlag som kjelde til informasjon og læring om pasienttryggleik. Ein misser oversikt over hendingar som kunne ført til alvorleg skade. Desse hendingane har også stor læringsverdi. Det vil ikkje lenger bli utarbeida læringsnotat til bruk i lokalt forbetringsarbeid i helseføretaka.

Ariansonutvalget, NOU 2015:11, om førebygging og oppfølging av alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene, foreslo å utvide meldeordninga til kommunehelsetenesta, ikkje å avvikle den. Årleg tek ein i mot omlag 10.000 innsendte meldingar i ordninga. Ariansonutvalet har og åtvara mot å opprette ein undersøkelseskommisjon som regjeringa har gjort, fordi den vil krevje store ressursar. Ressursar ein i staden kunne brukt til styrking av leiinga sin kompetanse i førebygging og oppfølging av uønska hendingar.

Høie har ein jobb å gjere. Det er ein grov feilvurdering å avvikle meldeordninga. Han bør heller sjå på korleis den kan styrkast. Han må sette underrapportering og meldeplikt på dagsordenen i sine møter i helseføretaka. For korleis kan ein forvente at øvste leiarar i helseføretaka skal vere oppteken av pasienttryggleik, når dei fyrst og fremst blir målt på ventetider og effektiv ressursbruk?

Norsk helsevesen har høg tillit. Men det skjer for mange feil. At det skjer feil, kan ein kanskje få tilgiving for. Men ikkje at ein repeterer feila, og ikkje gjer nok for å hindre at nye pasientar vert skada.

Der går grensa. Når både Legeforeninga og Helsedirektoratet åtvarar mot å avvikle meldeordninga, burde Høie lytte.

Ein sanksjonsfri meldeordning kan vere med å endre sjølve kulturen i helsevesenet. Der det er trygt å varsle, og der ein lærer av kvarandre sine feil.