Meny

Forsvarsminister, det er på tide å rydde opp i feriepengesaka i Heimevernet

Forsvarsvilje er avgjerande viktig for forsvarsevna. Heimevernet er ein sentral og viktig del av forsvarsevna til landet. Me har ikkje minst sett det  under pandemien.  Men også elles trør dyktige menn og kvinner rundt om i landet til når ei ulukke eller ei krise råkar. Senterpartiet meiner at det difor er sjølvsagt at staten møter desse kvinnene og mennene med respekt, og me meiner det er på tide at Høgre-regjeringa ryddar opp i feriepengesaka ein gong for alle, skriv Liv Signe Navarsete,

- av Liv Signe Navarsete, Forsvarspolitisk talsperson (Sp)

Senterpartiet vil styrke Heimevernet. Høgre-regjeringa har gjennom 8 år nedprioritert Hær og Heimevern.  Regjeringa har på si vakt redusert Heimevernet med om lag 5000 soldatar. Senterpartiet veit at den lokale beredskapen er avgjerande når krisa først treff. Difor meiner me det er viktig å ha eit Heimevern som er nær folk i hele landet. 

Liv Signe Navarsete.jpg
Liv Signe Navarsete

Feriepengesaka handlar om at staten er dømt til å etterbetale feriepengar til soldatar som har tenestegjort i Heimevernets innsatsstyrke og områdesjefar i Heimevernet frå 2005- 2019. Dette har kome på plass etter at HV-soldatane har vunne mot staten i tre rettsinstansar.

Senterpartiet meiner at dette er ei svært uheldig sak som har pågått i alt for lang tid utan at Høgre-regjeringa har tatt ansvar. Det er regjeringas ansvar å rydde opp og sikre at dette ikkje medverkar til å svekke norsk forsvarsvilje. Forsvarsministeren har ved fleire høve lova å gjere nettopp dette, men saka er enda ikkje løyst.

Enkeltsoldatar sit att med millionrekning i sakskostnadar etter å ha vunne mot staten i tre rettsinstansar. Konsekvensen av at enkeltsoldatar har vunne fram i tre rettsinstansar på vegne av heimevernsoldatane er at staten er dømt til å etterbetale feriepengar til kvinner og menn som har jobba for vår felles tryggleik og beredskap. Då meiner Senterpartiet at det er feil at dei same soldatane skal drive kronerulling for å dekke sakskostnadane.

Senterpartiet meiner at staten bør betale dei resterande sakskostane, slik at det kan setjast eit verdig punktum. Me håpar at eit samla Storting vil medverke til å rydde opp i Høgre-regjeringas ansvarsfråskriving. Dette handlar om å sikre forsvarsviljen og møte tenestegjerande i Forsvaret vårt med den verdigheita som dei fortener. Forsvarsminister, no er det på tide å rydde opp i feriepengesaka i Heimevernet ein gong for alle.