Meny

Heller vern framfor symbolar

Sist endret: 27 09 2020
Av Geir Pollestad, leiar i Stortingets næringskomite

Det er fleirtal på Stortinget for ei sterkare innsats for å ta vare på matjord, skriv Geir Pollestad (Sp) i dette innlegget.

Senterpartiet er godt nøgd med at me har fått fleirtal saman med Ap, SV og KrF for ein sterkare innsats for å ta vare på matjorda i Noreg. Dette skjedde i samband med handsaminga av to representantforslag, eit frå Senterpartiet og eit frå Miljøpartiet, om jordvern.

Dei to representantforslaga inneheld ei rekke ulike tiltak for å styrka jordvernet. No får regjeringa beskjed om å utgreie forslaga og kome attende til stortinget med ein oppdatert jordvernstrategi tidleg i mai. Dette vil gje eit godt grunnlag for å diskutera og trekka gode konklusjonar denne våren. Det vil også gje organisasjonar, kommunar og andre som er opptekne av jordvern tid til å koma med framlegg til tiltak og andre innspel. 

Senterpartiet har fått kritikk for denne prosessen av Miljøpartiet. Dei ville heller at me berre skulle stå fast på framlegga våre og få dei nedstemt i Stortinget. Eg meiner at jordvern er eit alt for viktig tema til å drive denne typen symbolpolitikk slik som Miljøpartiet ynskte. Me må jobba skikkelig og langsiktig og når me får ei eiga sak om jordvern i Stortinget skal Senterpartiet gå i front for å få på plass fleirtal for nye offensive tiltak. Eit nedstemt framlegg reddar ikkje ein einaste kvadratmeter matjord.