Meny
Bli medlem
Informert, men ikkje førebudd

Informert, men ikkje førebudd

Høgre-regjeringa, som gikk til val på beredskap, har svikta. Koronarapporten viser behovet for ein ny totalberedskapskommisjon i Norge, skriv Kjersti Toppe. 

Publisert: 20.04.2021 #Hordaland

- av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant Senterpartiet

Koronakommisjonen har fremma sin rapport om myndigheitenes handtering av pandemien. «Det er en alvorlig svikt at regjeringen ikke var forberedt da koronapandemien kom», uttalte kommisjonens leiar Stener Kvinnsland då rapporten blei lagt fram.

Myndigheitene var ikkje godt nok førebudd. Det som reddar oss er ikkje ei solid handtering, men vår solide samfunnsmodell med breie velferdsordningar, organisert arbeidsliv og økonomisk tryggleik.

Vår styrke er at vi er eit samfunn der vi stolar på kvarande, og har tillit til kvarande og til myndigheitene.

Rapporten er ein slakt av regjeringas beredskapsarbeid. Regjeringa visste at ein pandemi var den mest sannsynlege krisa som kunne ramme oss. Likevel var det ingen scenario, ingen planar eller øvingar, og lagerhyllene var tomme.

Paradokset er stort. For då Erna Solberg entra regjeringskontora i 2013, var det eit viktig valkampløfte frå Høgre å gjere Norge betre rusta til å møte framtidige kriser. I regjeringserklæringa sto det at regjeringa ville styrke samordninga av beredskapsarbeidet og auke gjennomføringskrafta.

Koronakommisjonen avslører at løfta ikkje er innfridd, sjølv etter sju år og like mange beredskapsministrar. Slik er koronakommisjonen ikkje berre alvorleg for beredskapen. Den er også pinleg for statsministeren.

Kommisjonen si skildring av kva som skjedde i opptakten av pandemien, er også utruleg lesing. Det gikk i lappar og sms’ar og tilsynelatande kaotiske prosessar.

«Høie kom litt for sent, og han skrev en lapp til meg om å trykke på den store knappen» forklarte Solberg til kommisjonen. Slik vart statsministeren informert om at landet skulle stenge ned om få timar.

Kan det vere sant? Det var ingen spor av at samfunnskonsekvensane blei vurdert før nedstenging. Ingen andre departement blei involvert før 12. mars.

Regjeringa tok for lite omsyn til kommunane. Kommunane har fått mykje større oppgåver enn dei kunne vere førebudd på. Regjeringas pressekonferansar var lenge dei einaste informasjonskjeldene for kommunane om kva dei straks skulle gjennomføre.

Regjeringa la mest vekt på sjukehusa i fordeling av smittevernutstyr, og ga ikkje kommunane nødvendig støtter for den viktige jobben med gjennomføring av testing og smittesporing. Det fantens ingen plan for importsmitte hausten 2020. Ingen plan for kontroll. Då regjeringa innførte strengare grensekontroll, mangla verktøya for å gjennomføre denne.

Regjeringa var i følgje kommisjonen heller ikkje nok bevisst på at tiltaka under pandemien kunne vere i strid med Grunnlova og menneskerettane.

Regjeringa får kritikk for å la eit direktorat ta avgjerda om den største nedstenginga av Norge sidan andre verdskrigen. Blei verkeleg Grunnlova gløymt, då viruset kom til landet?

I staden for å bygge opp eigen produksjon og lager av smittevernutstyr, satsa regjeringa på å kjøpe alt i verdsmarknaden. At helseminister Høie hadde ein ven i Kina, var visst avgjerande for at det lykkast. Men skal beredskap verkeleg vere så tilfeldig, så sårbar? Sjølvsagt ikkje.

Regjeringa har i alt for liten grad tatt stilling til kva ei alvorleg hending som pandemi betyr for samfunnet. Dei har undervurdert dei samfunnsmessige konsekvensane.

I kommisjonen sin rapport står det at eit beredskapssystem der kvar sektor skal vurdere eigen risiko og sårbarheit, sviktar når ingen har tatt ansvar for å vurdere kva summen av konsekvensar blir for samfunnet som heilheit. Klarare kan det vel ikkje seiast. Beredskapskritikken mot regjeringa er nådelaus.

Beredskapsutfordringane Norge står overfor, er mangfaldige og har både sivil og militær karakter.

Når helseføretaka kvar på sin plass i landet, dimensjonerer nye sjukehus med stadig mindre sengekapasitet og intensivplassar, har det ikkje berre konsekvens for kvar enkelt sjukehus. Det har konsekvens for landets totale beredskap i kriser.

Villare og våtare klima gir auka risiko for flom, ekstremvær, skred og ras. Antiobiotikraresistens er ei tikkande bombe, som kan sjåast på som ein trugsel på linje med terrorisme.

Kritisk infrastruktur, som trygg vatnforsyning tar vi i Norge gjerne for gitt. Det er ikkje lenger sjølvsagt. Slik kunne ein fortsette. Krisescenarioa er mange.

Høgre-regjeringa som gikk til val på beredskap, har svikta. Det har gått lang tid sidan Norge sist hadde ein grundig gjennomgang av alle delar av landets beredskap. Willochutvalet la fram si utgreiing i 2000: «NOU 200:24 Et sårbart samfunn».

Det norske og internasjonale samfunnet har endra seg betraktelig på dei tjue åra som har gått sidan denne siste heilskaplege gjennomgangen av beredskapen.

Senterpartiet har fremma forslag om ein ny totalberedskapskommisjon i Norge. Regjeringspartia har til no stemt ned dette forslaget. Koronarapporten viser behovet for ein ny totalberedskapskommisjon i Norge.

Trygg beredskap er ei regjerings viktigaste ansvar. Norge må vere betre førebudd ved neste krise.