Meny
2020 Stortingsrepresentant Jenny Klinge, Møre og Romsdal - portrett

Juks og fanteri eller fakta?

Sist endret: 17 12 2020

Domstolar som blir omgjort til filialar under nye, samanslåtte domstolar, er ikkje lenger domstolar, dei er filialar.
Erling Moe frå Venstre har skrive innlegget «Senterpartiet jukser med sannheten». Denne påstanden kjem han med mot faktaopplysningar og meiningar vi har kome med.


Av Jenny Klinge, stortingsrepresentant og justispolitisk talsperson, Senterpartiet
 

Moe hoppar lite elegant over at også domstolleiarar, tilsette i domstolane og advokatar rundt om i heile landet er av same meining som oss. I staden hevdar han at eg «tar stadig vekk nye knepp i trumpistisk debattstil».

Det kan godt hende Moe meiner han er kreativ i skrivestilen sin, men etterretteleg kan han i alle fall ikkje skryte på seg å vera. For når han påstår at vi juksar med sanninga, må han faktisk bevise det. Og han må forstå at han ved å påstå dette, også hevdar at alle domstolleiarane som meiner det same som vi juksar med sanninga.

Eg er ikkje interessert i å bruke omgrep frå amerikansk politikk eller i å bli samanlikna med Trump når eg forsvarer dei små domstolane. Eg er interessert i ein debatt som handlar om korleis vi skal sikre innbyggjarar og lokalsamfunn i heile landet best mogleg tilgang på rettstenester og juridiske miljø.

Dessverre reagerer Moe slik folk frå regjeringspartia og Frp har reagert på alle kritiske spørsmål mot sentraliseringa deira. Dei blir irriterte på folk som ser ting annleis og i dette tilfellet: folk som fryktar at domstolreforma skal følgje nøyaktig same oppskrift som nærpolitireforma og kommune- og regionreforma osv.

Vi lyg visst alle vi som advarer mot konsekvensane ved at viktige offentlege tenester stadig blir flytta lenger vekk frå store delar av befolkninga.

I innlegget sitt tek Erling Moe utgangspunkt i at vi i Senterpartiet juksar med sanninga. La oss sjå litt på nokre av dei påstandane han sjølv kjem med:

Først seier han at det framleis skal vera att like mange domstolar sjølv om rettskretsane skal bli større. Han legg vekt på at det kjem til å vera att like mange domstolar fordi det skal vera dommarar og personell på alle stadene også etter ei samanslåing.

Men det er som å påstå at det skal vera like mange kommunar etter ei kommunesamanslåing sjølv om kommunegrensene har vorte større, berre fordi det framleis skal vera att noko aktivitet og bemanning på dei tidlegare rådhusa i dei nedlagte kommunane. Altså ein påstand som med Moes eigne ord kan karakteriserast som «å jukse med sannheten».

Det er nemleg ikkje mogleg med dagens regelverk å slå saman rettskretsar utan å slå saman tingrettar eller jordskifterettar. Jamfør domstollova §16, forskrift om inndeling av domssogn og lagdømme, er samtlege domstolar i Noreg definert med eit hovudsete, det vil seie der domstolen ligg. Domstolar som blir omgjort til filialar under nye, samanslåtte domstolar, er ikkje lenger domstolar, dei er filialar.

Moe arbeider sjølv i Domstoladministrasjonen (DA), forvaltningsorganet til domstolane som i årevis har lagt til rette for nedlegging av mindre domstolar - ved at dei som har vore mest «aktuelle for strukturendringer» (i følgje deira eigne styrepapir) ikkje har vorte satsa på.

Kjernen er at av dagens 60 tingrettar og 34 jordskifterettar, skal til saman 52 domstolar leggast ned. Eg lyttar til sorenskrivarar og jordskifteleiarar, dommarar og tilsette frå meir enn 30 domstolar, tillitsvalte, advokatar, kommunar, fylkeskommunar, Politijuristene, kriminalomsorga, regionråd og næringsliv frå heile landet, som har engasjert seg mot reforma. Er desse også Trump-aktige?

Moe påstår at «Mange små domstoler på små steder har for lite å gjøre». Viss Moe kan fortelje kva for domstolar som har for lite å gjera, hadde det vore fint. Han burde dessutan kjenne til at det med dagens regelverk er mogleg å bruke dommarressursar på tvers av domstolar og å fordele saker mellom domstolane i tilfelle med for stor sakstilgang ved somme domstolar eller ved td inhabilitet. Dette er ei fleksibel løysing.