Meny

Kritikkverdig fengselspraksis

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant, Helsepolitisk talsperson

Innsette i fengsel skal ha like gode helse og omsorgstenester som andre. Det får dei ikkje i dag. Innsette med alvorleg psykisk sjukdom blei løpet av 2016 og 2017 plassert på sikkerheitscelle eller lagt i belteseng 886 gongar. I same perioden blei 21 innsette plassert på slik glattcelle etter sjølvmordforsøk. (BT 21/6 og 3/7). Praksisen kan ikkje forsvaras. Den har ført til at Norge blir kritisert av både FNs torturkomité og Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter (NIM) for brot på menneskerettar og brot på grunnlovas vern mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

Justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara er ansvarleg statsråd.  Han seier han tar kritikken på alvor. Men gjer lite med å få slutt på praksisen. Han presiserer han at det er  helsemyndigheitene som vurderer om ein innsett skal overførast til helseinstitusjon, eller ikkje. Men dette blir for lettvindt. Utstrakt bruk av isolasjon og manglande helsehjelp til psykisk sjuke i fengsel, skjer på Wara si vakt. I norske fengsel, her og no. Det skuldast grov systemsvikt. Justis- og beredskapsministeren kan rett og slett ikkje ha skjønt alvoret.

Det same gjeld helseminister Bent Høie. Han som vil skape pasientens helseteneste. Men pasientens helseteneste gjeld visst ikkje i norske fengsel. Han viser til at kriminalomsorg er justis- og beredskapsministerens ansvar. Dette viser problemet. Statsrådar skuldar på kvarandre. Innsette med psykisk sjukdom fell mellom alle stolar. Ingen vil eigentleg ta ansvaret for dei. 30.mai i år fremma Senterpartiet ein interpellasjon i stortinget om helsetilboda i norske fengsel .Det blei ein debatt mellom justispolitikarar og justisministeren. Helseministeren nekta nemleg å stille.

Førekomsten av psykiske lidingar blant domfelte er stor og betydeleg. Skal psykisk sjuke i fengsel få forsvarleg helsehjelp, må ikkje berre kriminalsomsorga styrkast. Då må også psykisk helsevern byggjast ut. Dei siste 18 åra har det skjedd ei halvering av talet på døgnplassar i psykiatrien. Stortinget har i tillegg gjort endringar i straffelova knytt til strafferettslege særreaksjonar. Det gjer at straffedømte i aukande grad blir dømt til tvungen psykisk helsevern. Men utan at kapasiteten der er auka tilsvarande. Vi ser og eit stort press på sikkerheitspsykiatrien. Psykisk helsevern har  altså store kapasitetsproblem, som få snakkar høgt om.

Fleire rapportar og kartleggingar viser systematisk og alvorleg tvangsbruk i norske fengsel mot personar med alvorleg sjukdom. Det kan ikkje fortsette. Å sikre det, er eit politisk ansvar. Ein ting er heilt klart: Innsette med alvorlig psykisk sjukdom skal ha likeverdig behandling og medisinsk oppfølging, som alle andre. Elles bryt ein med ein overordna verdi i det norske helsevesen. Er ein alvorleg psykisk sjuk, er ikkje glattcelle i fengsel staden å vere. Bruken av isolasjon av psykisk sjuke i norske fengsel,  må avviklast. Det må skje straks.