Meny
2020 Soldater, Rena Leir, Hedmark

Ei lukke at Langtidsplanen ikkje vart handsama i vår

Sist endret: 25 09 2020

Berre kort tid etter at Langtidsplanen for Forsvaret skulle ha vore ferdig handsama og vedtatt i Stortinget, kom beskjeden om at US Marines reduserer frå 700 til 20 soldatar på norsk jord. Det at ein samla opposisjon sende Langtidsplanen attende til regjeringa gir oss ei moglegheit til å ta ansvar og gi Forsvaret den styrkinga som trengs.

Senterpartiet har lenge peika på kor viktig det er at Noreg tek større ansvar for norsk sikkerhet. Dette meiner me på bakgrunn av ein forverra sikkerhetspolitisk situasjon i våre nærområde og fordi ein over lang tid har fått signal om eit vesentleg auka forsvarsfokus på Kina og Stillehavsområde frå USA si side.

 

Det er difor interessant når Hårek Elvenes skriv i Aftenposten den 11.08 at «Det er tydeleg at USA meiner alvor med at Europa og Noreg må ta større ansvar for eiga sikkerhet». Det er tydelegvis ein realitet som regjeringa ikkje har tatt innover seg før USA i juli kunngjorde at det amerikanske marinekorpset (USMC), reduserer vesentlig tal på soldatar på norsk jord.

 

I Langtidsplanen som Høgre-regjeringa la fram for Stortinget i vår, og som ein samla opposisjon sende i retur, var ikkje denne realiteten å spore. I framlegget frå regjeringa er det skildra tre hovudlinjer for utvikling av forsvaret av Noreg. Nasjonal evne, NATO og bilateral støtte og forsterking frå nære allierte. Av desse tre er den siste hovudlinja vesentleg tyngre vektlagt frå regjeringa i dette framlegget til Langtidsplan enn førre plan. USA er fleire gongar nemnd i planutkastet som vår næraste allierte, så med regjeringa sin plan legg ein opp til at USA i enda større grad enn før skal ta ansvar for vår sikkerheit.

 

Samstundes som regjeringa sin Langtidsplan la opp til å gjere oss stadig meir avhengig av vår næraste allierte, har ein no fått stadfesta at USA sitt aukande militære fokus mot Stillehavsregionen og spesielt Kina, går på kostnad av nærvær i Europa og våre nærområde.

 

Sjefen for det amerikanske marinekorpset, har nylig skildra den største organisasjonsendringa marinekorpset har sett i nyare tid. Fokuset skal bort frå vedvarande landstrid og US Army skal overta avgjerdene landoperasjonar. US Army er tunge mekaniserte styrkar som ikkje flyttar seg i nærleiken  like fort som US Marines. Fram til no har US Marines kanskje vore den viktigaste og mest konkrete forsterkninga av Noreg i krise og krig. For Noreg betyr dette heilt konkret at me må halde ut lengre sjølv, før me får hjelp frå allierte.

 

Dette er sjølvsagt ei uheldig endring for Noreg sin del, men det syner kor mykje det hastar med å styrke Forsvaret vårt. Langtidsplanen vart sendt i retur fordi Høgre-regjeringa hadde lagt opp til fire år utan reell styrking av den norske forsvarsevna. Det har me allereie fått bevist at er ei total ansvarsfråskriving. Når Langtidsplanen skal handsamast på Stortinget i haust skal Senterpartiet jobba for eit forsvar som set oss i stand til å møte dei sikkerhetsutfordringane me står ovanfor, det treng Noreg!

 

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant Senterpartiet