Meny

Lat oss snakke om pelsdyrbøndene

Av Geir Pollestad, Stortingsrepresentant, leiar i næringskomiteen

Nokon meiner hald av pelsdyr er forsvarleg. Nokon meiner det ikkje er det. Kan me la den diskusjonen ligge litt akkurat no? 

Regjeringa vil forby hald av pelsdyr i Noreg. Dette vedtaket kjem to år etter at Stortingsfleirtalet gjekk inn for at me framleis skal ha pelsdyrhald i Norge. Eg vil tilrå at me akkurat no eit lite augneblink let og den diskusjonen ligge. 

Eg har lyst å snakke litt om dei familiane som no vert råka av dette forbodet. Dei som i dag driv med oppdrett av pelsdyr. Og det voner eg me kan gjera anten me er for eller mot hald av pelsdyr. 

Eg har møtt mange av dei som no må slutte med pelsdyr. Eg har snakka med mange av dei på telefon. Dei er fortvila og redde. Dei er ikkje mange. Kring 200 familier rundt om i Noreg. På grunn av for dårlege erstatningsordningar vil dei tape mykje pengar. Mange vil hamne i eit økonomisk uføre. 

Eg vil tru at dei fleste vil meine at når staten innfører eit forbod mot pelsdyr, så bør staten stille opp med ordningar som gjer at bøndene ikkje blir ruinert. Regjeringa ved landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) har lagt fram eit forslag som vil setje desse familiane i ein håplaus økonomisk situasjon. 

Nokon vil gå konkurs. Andre vil sitje att med millionar i lån. Og nokon vil oppleve at verdiar dei har bygd opp over mange år forsvinn. Den ordninga som regjeringa har lagt fram vil knapt dekke kostnadene ved å rive bygga og rydde opp. 

I Noreg har me tradisjonelt hatt respekt for den private eigedomsretten. Det betyr at når staten gjer inngrep så betaler staten for seg. For staten er det småpenger – for den enkelte bonde og familie handler det om framtida. Om å kunne sitja med hus og heim. 

Eg forstår ikkje at landbruksministeren har samvit til å gjere dette. Ho seier ho har lese kvart einaste høyringsinnspel. Då er ho heilt klar over konsekvensane av sine framlegg. Det er med opne auge at ho og regjeringa legg fram erstatning som ikkje dekker tapet. 

Eg er og overraska over at stortingsgruppene til Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre kan gjera dette mot folk. Kor er samvitet? Kvifor krev dei ikkje at regjeringa gjer folk full erstatning. 

Me kan som sagt vera usamde om pelsdyrsaka. Men still deg bak kravet om å gje pelsdyrbøndene full erstatning. Dei har hatt ein lovleg produksjon. Stortinget har ynskt at dei skal drive med det. Då er det feil at bøndene no skal betale prisen for forbodet. Det handler om å behandle folk rundt om i Noreg med respekt. 

Eg voner at stortinget vil gå mot landbruksministeren og regjeringa og i det minste gje pelsdyrbøndene eit anstendig økonomisk oppgjer.