Meny

Liv Signe Navarsete: - Eit elendig budsjett for Sogn og Fjordane

I dag har mange i Sogn og Fjordane fått bytta forventningar til budsjettet for 2019 med vonbrot. For ikkje å snakke om løftebrot: Kven hugsar ikkje korleis Frp og Høgre, med Erna Solberg i spissen, vitja Lerum Fabrikker og lova å fjerne produktavgifta på drikkevarer dersom dei fekk makt. Og kva gjer dei? Etter fem år med regjeringsmakt vart sukkeravgifta auka med 43 prosent for sukkerhaldige drikkevarer i 2018! Og for saft og brus er det ingen reduksjon i 2019. Det set viktige arbeidsplassar i fare. I tillegg vert 350-kroners-grensa for momsfri import vidareført, noko som ytterlegare forverrar situasjonen.

At regjeringa kuttar 1/5 av den auken dei tidlegare har lagt på el-avgifta er for så vidt bra nok, men 4/5 står framleis att.  Dette betyr likevel lite for folk og bedrifter i Sogn og Fjordane samanlikna med kostnadene til nettleige. Det var forventa at regjeringa ville legge fram forslag til eit nytt system for utjamning av nettleiga, men slik vart det ikkje. Berre mange ord om kvifor det ikkje er ynskeleg å innføre ei slik utjamning på regionalnettet. Dette syner kor lite regjeringa tek omsyn til folk som bur eit steinkast frå kraftanlegga i distrikts-Noreg.

Det var venta regelendringar knytt til å kunne dekke rentekostnader med ferjeavløysingsmidlar ved bygging av nye bruer. Enkelte meinte til og med at det var lova. Men dagens budsjett kvitterer ikkje ut Stortingets vedtak, til stort vonbrot for innbyggjarane på Atløy, Ytre Steinsund og fylkeskommunen. Det ville ikkje kosta staten ei krone i budsjettmidlar å kome fylkeskommunen i møte og tillate fullt ut at ein kan bruke ferjeavløysingsmidlar til å dekke finansieringskostnadene. Godt gøymt i vedlegga til del 2 av KMD sitt budsjett står det at inntil 30 prosent av rentene på samla byggekostander skal kunne dekkast av ferjeavløysingsmidlar. Det er for lite og for dårleg, og viser liten respekt for stortingsfleirtalet!

På samferdsle er det nasjonalt ein nedgang i riksvegmidlane på 1,2 mrd, medan jernbane aukar med 8,7 prosent. Inga god utvikling for Sogn og Fjordane. Til riksvegprosjekt er det kun midlar til oppstart og planlegging. Til Stad skipstunnell er det ikkje slike midlar ein gong, det er er ikkje eitt øre.  Det er sett tak på pendlarfrådraget , og saman med jordbruks- og fiskerifrådraget er det ikkje prisjustert, noko som reelt sett er ei innstramming på desse frådraga samanlikna med andre.  For pendlarar betyr også den høge bensin- og  dieselprisen mykje, regjeringa aukar avgiftene med 1,5 og 1,5 prosent for bensin og diesel, i tillegg vil nye krav til innblanding av biodrivstoff føre til prisvekst. Ein kan berre tenkje seg til korleis Frp ville skrike opp om dei skyhøge drivstoffprisane dersom dei var i opposisjon!

Musea i fylket har fått ei innstramming, og sjølv om Opera Nordfjord har fått 0,4 millionar til ei  satsing i lokalsamfunnet er det heller smått med godbitar til kultursektoren i fylket. 

Kommunebudsjettet er svakt, i tillegg er det mange øyremerka postar som bind opp dei frie midlane. Kommunane får også eit tak på eigedomsskatt, og gjennom at regjeringa aukar grunnrenteskatten for vasskraft vil mange kommunar i distrikta også få reduserte inntekter gjennom at eigedomskatten på kraftanlegg vert redusert. Dette vil merkast på tilbodet til innbyggjarane, først og fremst dei yngste og dei eldste i lokalsamfunna.

Ei lita rosin finst i den sure pølsa, 7,4 millionar til nytt regionalt senter for villaks, der Lærdal er den eine av fire vertskommunar.

Eit fylke som Sogn og Fjordane vert hardt råka av dagens regjering sin politikk. Regionale utviklingsmidlar, som bidreg til å skape nye jobbar, er på nytt redusert.  Folk i distrikta har grunn til å kjenne seg oversett, overkøyrd og nedprioritert.  Lista over smålege kutt kunne gjerast enno lenger, men ein kan sjølvsagt forstå at det må til for å finansiere regjeringa sine skattekutt til dei mest velståande blant oss. Det er på tide med ei ny regjering!