Meny

Lytt til Bjørlo, Breivik!

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Helsepolitisk talsperson

Venstres Terje Breivik kritiserer Senterpartiet for å vere seg sjølv nok. Han hevdar at Senterpartiet gjer gode valkampar ved å dyrka oppfatning av at sentraliseringa går raskare og raskare og at distrikta sit att med smular. Som at vi lurar veljarane våre, liksom. Her undervurderer nok Breivik oss. Når folk stemmer på Senterpartiet er det fordi dei støttar politikken vår. Ikkje fordi dei er dumme.

Breivik malar eit fint bilete av regjeringas regionsreform. Vestland fylke skal bli ei reell motmakt til Oslo- regionen og det sentrale austland. Det er storleiken som tel. Slik skal det blomstre i både Sogn og Fjordane og Hordaland. Hadde det berre vore so enkelt. Men større strukturar sikrar ikkje regionar meir makt. Det er framleis heilt i det blå om vestlandregionen vil få meir makt og større oppgåver.

Breivik ber Senterpartiet om hjelp til å få dette til. Takk for invitasjonen. Men Breivik har gløymt ein ting. Venstre sit faktisk i regjering. Venstre er ein del av den blå- blå regjeringa. No kan ikkje Breivik lenger late som om regjering er regjering, medan Venstre har sin eigen politikk. Den oppgåvemeldinga som regjeringa fremjar til hausten, er også Venstre si.

At parlamentarisk leiar i Venstre allereie no varslar at denne ikkje vil vere god nok for vestlandet, er spesielt, men ikkje overraskande . Det verkar som Breivik er fornøgd berre regionane/einingane blir store nok. Slik Venstre meiner når det gjeld kommunar, politi, sjukehus, Nav, Helfo og you name it .

Senterpartiet har allereie fremja fleire forslag i Stortinget om å desentralisere oppgåver til fylka. Til dømes styring av sjukehusa. Men her stemmer Venstre mot, sjølv om dei i media fortel at dei er for det. Venstre si regjering har til no vore mest oppteken av det motsette, nemleg å opne for å svekke ansvar og oppgåver i dei nye fylka. Som til dømes ansvaret for tannhelsetenesta, kollektivtrafikk og vidaregåande opplæring.

Breivik synes reelt å vere oppteken av regional utvikling her vest. Det er flott. Men det rimar dårleg med at Venstre i budsjett etter budsjett har støtta regjeringas systematiske kutt i regionale utviklingsmidlar, kutta satsinga i breiband og ikkje løyva nok pengar til opprusting av fylkesvegane, blant anna. Det svekkjer regionen vår og strupar infrastrukturen som er viktig for næringsutviklinga.

Breivik sin partifelle Alfred Bjørlo , ordførar i Nordfjord, har karakterisert Venstre-regjeringas sentraliseringspolitikk på ein god måte. I sin kronikk i Nationen 22. august skriv han: « Eg kan faktisk pr i dag ikkje kome på eitt einaste døme på at ein statleg reform Venstre nasjonalt har gått i bresjen for, er med å styrke min kommune og min region. Medan det motsette blir fleire og fleire.»

Breivik burde lytte til sin partikollega på Eid. Når Venstre nasjonalt er for ein reform, skal distrikta passe seg. Då er sentralisering og svekka folkestyre ein naturleg konsekvens. Det gjeld og for regionsreforma. For Senterpartiet er saka klar. Det er meiningslaust å slå saman fylker til større regionar utan at dette er frivillig og utan å vite noko som helst om kva oppgåver og ansvar regionane skal ha.