Meny

Minst 8 månader til mor

Sist endret: 27 09 2020
AvKjersti Toppe, Stortingsrepresentant Sp og Herborg Nordtveit, leiar Senterkvinnene i Hordaland

Stortinget har vedtatt lik tredeling av foreldrepengeordningamed fullstendig verknad frå 1.januar 2019. Den totale stønadsperioden er i dag 49 veker ved full sats og 59 veker ved 80 prosent sats. Stønadsperioden er etter fødsel delt i tre like delar. 15 veker øyremerkt mor, 15 veker øyremerkt far og 16 veker som foreldra kan dele fritt mellom seg. Ved full sats kan mor (eller far) ta ut maksimalt 7 månaders permisjon, 31 veker, etter fødsel.

Tredeling av foreldrepermisjonen er innført som eit tiltak for eit meir likestilt arbeids- og familieliv. Fedrekvoten er viktig for at far kan få moglegheit til å etablere god kontakt med barnet i fyrste leveår. Men foreldrepermisjonen må ivareta kvinners særskilte behov for vern i forbindelse med svangerskap og fødsel.

Norske og internasjonale fagmiljø innan spedbarnsernæring tilrår at spedbarn for morsmjølk i minst eitt år og fullammingtil seks månaders alder, for deretter gradvis tilvenning til fast føde. Fast føde vil først ved 8 månaders alder utgjere ein vesentleg del av ernæringa. Både Helsedirektoratet, Nasjonal kompetansetjeneste for amming og Jordmorforbundet meiner dette betyr at kvinner må få muligheit til minst åtte månaders betalt permisjon etter fødsel. 

I dagens foreldrepengeordning må mor ta ut tre veker med foreldrepengar før termin. Desse vekene inngår ikkje i mødrekvota og blir halde utanfor tredelinga. Men dei fyrste 6 vekene etter fødsel, som også må takast ut av mor,  inngår i dagens mødrekvote. Dette er feil, fordi det  tek ikkje omsyn til mors helsesituasjon og behov for restitusjon, og grunnleggande mor-barn kontakt i barseltida. 

Tal frå NAV viser at 30 prosent av  mødrer tok ut uløntpermisjon i 2017. Det er ein auke på 66 prosent sidan 2008. 46 prosent av  fedrane tok ut mindre permisjon enn fedrekvoten i 2018. Dette viser at foreldrepengeordninga i dag ikkje er treffsikker nok.

Senterpartiet har som dei aller fleste andre parti, programfesta  å tredele foreldrepermisjonen. I Stortinget i haust foreslo Senterpartiet ei evaluering av ordninga i 2020.  Det forslaget falt. Senterpartiet har og programfesta å legge tilrette for amming.

Vi vil derfor arbeide for at foreldrepengeordninga må endrast. Både 3 veker før fødsel og barseltida på 6 veker etter fødsel bør haldast utanfor utrekning av mødrekvote. Mor må få moglegheit for minst 8 månaders betalt permisjon, i tråd med helsefaglege anbefalingar. Det kan sikrast ved til dømes fedre/mødrekvotepå 11 veker, og 18 veker til felles fordeling ved full sats.