Meny

Navarsete: - Regjeringa manglar vilje og evne til å styrkje forsvaret

Senterpartiet si forsvarspolitsike talskvinne, Liv Signe Navarsete, meiner langtidsplanen for Forsvaret som regjeringa la fram i dag ikkje er i nærleiken av å vere god nok.

Navarsete om langtidsplanen for Forsvaret:

- Det skurrar når statsministeren løfter fram ein forverra sikkerheitspolitisk situasjon og større behov for beredskap samstundes som regjeringa i Langtidsplanen for forsvaret som vart lagt fram i dag ikkje legg opp til ein einaste kapasitetsauke i forsvaret dei neste fire åra!, sier Navarsete.

- Det er ein skandale at Hæren ikkje får helikopter og stridsvogner må anskaffast no, og regjeringa skyv sjøforsvaret fire år ut i tid, slik dei sist gjorde med Landforsvaret, sier Navarsete.

- Senterpartiet vil auke bemanninga i forsvaret langt meir og raskare enn regjeringa legg opp til.  Alle forsvarsgreiner treng styrking av personell. Hæren  trenger fleire soldatar, det går ikkje i hop med lanseringa av ein Brigade nord med full oppsetningsgrad. Løyvinga er for låg og kapasitetsauken kjem for seint. Samstundes kastar regjeringa bort stadig meir pengar på den feilslåtte nedlegginga av Andøya flystasjon, forteller Navarsete.

- Koronapandemien viser kor raskt ei krise kan spreie seg globalt, og kor avhengig me er av å ha ein ståande beredskap. Den viser også at forsvaret er viktig også i andre kriser enn militære, seinast i grensevern og i å ta i vare smittevern på flyplassar, fastslår Navarsete.