Meny

Noreg sin bistandspolitikk må vera tufta på utfordringane i framtida

Av Liv Signe Navarsete, utanrikspolitisk talsperson for Senterpartiet

Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein stat er å sikre mat til folket i landet. Tilgang på mat er ein grunnleggjande føresetnad for å sikre stabile statar og levevilkår for statens befolkning. I dag står verda ovanfor store klimaendringar som me veit vil vera med på å gjere dette enda meir krevjande i åra som kjem. Difor er det heilt avgjerande at me klarar å sikre tilstrekkelig matproduksjon og at me evnar å få til eit klimatilpassa landbruk i mange utviklingsland. Diverre ser me at dagens regjering ikkje prioriterer dette høgt nok.

Om ein ser på situasjonen i Afrika er det anslått at folketalet vil auke ifrå om lag 1,2 milliardar menneske i 2015 til om lag 2,5 milliardar i 2050. Denne auken må ein naturlegvis gripe fatt i gjennom å prioritere mattryggleik og styrke matproduksjonen i Afrika. Me ser på budsjettet for 2020 at det er ei auke i støtte som kanaliserast gjennom Verdsbanken og regionale bank og fond, medan støtte til småskala landbruk og ei øyremerking av bilateral bistand til landbruk uteblir.

Noreg må gje bistand på område der Noreg kan gjere ein forskjell. Me har høg kompetanse innan landbruk. Eit landbruk som gir auka produktivitet tufta på ei berekraftig forvalting av jorda og naturressursane er avgjerande for å løfte fleire menneske ut av svolt og fattigdom.

Verdsbanken har presisert at investeringar som tener småbønder i landbruket gir minst dobbel så stor effekt som anna bistand med tanke på å få landa ut av fattigdom. I dei aller fattigaste landa er effekten 4 gongar så stor. Ved å sikre matproduksjon gjennom eit grunnleggjande fokus på at landa skal produsere mat sjølv, vil me i større grad kunne hjelpe landa ut av fattigdom.

Det er eit paradoks at fleire afrikanske land ser seg tvinga til å importera mat og at import av mat utgjer 15 til 20 % av den totale importen hjå dei minst utvikla landa i verda. Dette skuldast låge prisar på importert mat og låg produksjon i eige landbruk. Utfordringar med klima, sjukdom, krig og dårleg utbygd infrastruktur, aukar behovet for eit større fokus på mattryggleik i dei landa som er råka.

Gjennom at regjeringa nedprioriterer grunnleggjande bistand innan landbruk, bidreg dei til å svekke statane si evne til å ta vare på befolkninga sitt behov. Me syner i vårt alternative statsbudsjett for 2020 at me prioriterer langsiktig bistandspolitikk. Ein bistandspolitikk som bidreg til at land som slit med å brødfø si eige befolkning, vert gjeve ein moglegheit til å hjelpe seg sjølv.

Dette sikrar me gjennom å øyremerke 10 % av all bilateral bistand til landbruksbistand. Me ynskjer også å øyremerke 100 mill. kroner til støtte for småskala landbruk. I tillegg vil me løyve 50 millionar utover regjeringa sitt budsjett til Verdas Matvareprogram som spesifikt jobbar mot å nå FN sine to øvste berekraftsmål, utrydde fattigdom og svolt.

Senterpartiet jobbar for at Noreg sin bistandspolitikk skal vera tufta på framtida sine utfordringar.