Meny
2020 Soldater, Rena Leir, Hedmark

Noreg treng eit sterkt forsvar

Sist endret: 25 08 2021

Tryggleiksutviklinga går i feil lei, verda rundt oss er i endring og våre nærområde er i aukande grad ein arena for stormaktsrivalisering. Risikoen for konflikt er den største sidan slutten på den kalde krigen, skriv regjeringa i sin langtidsplan. Difor meiner Senterpartiet at den norske forsvarsevna må styrkjast, skriv Liv Signe Navarsete.

- av Liv Signe Navarsete, Stortingsrepresentant Sp


Etter åtte år med Høgreregjeringa, som har nedprioritert Forsvaret og gjort historiske feilgrep, trengs det nye takter og høgare ambisjonar på vegne av heile landet. Forsvar av Noreg er staten si viktigaste oppgåve og me treng ei ny regjering som tar dette på alvor. 

Forsvarspolitikken må høgare på dagsorden. Senterpartiet står fast på at langtidsplanen, som Høgreregjeringa og støttepartiet FRP vedtok med delvis støtte frå Arbeiderpartiet i 2020, er langt frå forsvarssjefen sitt fagmilitære råd. Det er ikkje ein plan som møter dei tryggleikspolitiske utfordringane Noreg står ovanfor dei komande åra. På Høgre si vakt ventar Hæren enda på nye stridsvogner, Heimevernet er redusert, Hæren har fått ruinert sin helikopterberedskap i nord og det  feilslåtte vedtaket om å legge ned Andøya flystasjon er vedteke med Arbeiderpartiet si støtte.

I samtalane om Langtidsplanen sette Senterpartiet fram krav om at den forverra tryggleikspolitiske situasjonen må møtast med fleire soldatar, at naudsynte investeringar i Hær og Heimevern må skje no og at fartøystrukturen til Sjøforsvaret må avklarast. Senterpartiet vil ha stridsvogner og dedikerte helikopter til Hæren, eit større Heimevern, etablere ein kadrebasert Brigade Sør og behalde overvakingsflya på Andøya flystasjon.

Forsvaret treng fleire soldatar. Senterpartiet vil styrke personellsituasjonen i heile Forsvaret. Me treng meir personell for å kunne makismere den operative evna, trene og øve meir samt oppfylle styrkekrava til NATO.

Senterpartiet vil styrke Hæren. Høgreregjeringa har sett Hæren til side, den er i dag underbemanna og har store etterslep på investeringar. Hæren treng nye stridsvogner og helikoper no, men med regjeringa sin plan er det uvisst når dette er på plass. Senterpartiet meiner det er uansvarleg frå regjeringa når Hæren med deira plan ikkje vil oppfylle NATO sine krav til Noreg før midt på 2030-talet.

Senterpartiet vil ha eit sterkt nasjonalt forsvar. Noreg skal vere NATO i nord. Me vil styrke forsvaret no og ikkje skyve investeringar ut i det blå slik Høgre har gjort i åtte år. Senterpartiet har vore det partiet som i heile denne perioden har satsa mest på Forsvar. Sidan 2017 har Senterpartiet årleg løyvd om lag 1 milliard meir til Forsvar enn Høgreregjeringa. Auka forsvarsevne er naudsynt for å behalde eit solid nasjonalt handlingsrom og trygge våre verdiar.  Det kjem Senterpartiet til å kjempe for dersom me kjem i regjering.