Meny

Norge sto praktisk talt utan beredskap då pandemien kom

Helsekriser er dei mest sannsynlege krisene som vil treffe Norge. Ifølgje Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) sitt krisescenario 2019, er dei mest sannsynlege krisene matbåren smitte, pandemi og legemiddelmangel. Etter dette kjem naturhendingar som regnflom, storm og skogbrann, skriv Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Senterpartiet

At smittesjukdomar kan vere alvorlege, veit vi frå før. Spanskesjuka tok livet av mellom 50–100 millionar menneske på verdsbasis. Asiasjuka i 1957 tok livet av 1–2 millionar på verdsbasis. Eg lærte å ha respekt for smittesjukdom av min eigen bestefar. Han mista tre sysken i spanskesjuka og av tuberkulose. Heile sitt liv var han ekstremt redd for smitte, særleg sjukehussmitte. Det er ikkje rart.

I dag er vi godt vant. Vi føler oss trygge for slikt, fordi vi har ikkje opplevd det. Penicillin har til no virka rimeleg godt, sjølv om antibiotikaresistens er eit veksande problem. Vi er mindre trongbudde, dei sanitære systema er modernisert. Folkehelsa er god og det offentlege helsevesenet er dei siste hundre åra blitt utbygd over all forventning.

Norge har også fått eit velutvikla smittevernregime, med regelverk, planar, meldeplikt og rutinar. Det fins nasjonale beredskapsplanar for å førebygge og redusere smittespreiing, sjukdom og død. Og ikkje minst, så kan vi få utvikla vaksiner som gir oss immunitet.

Likevel er det nettopp eit virus som no har sett samfunnet ut av spel. Over 7.000 er smitta. Om lag 1.000 smitta har vore innlagt på sjukehus. Per 23.04 er 180 døde. Koronapandemien har medført over 400.000 mottakar av dagpengar. Vi har fått den største ned-stenginga av Norge sidan krigen. Det er løyva milliardar i krisetiltak for å redde arbeidsplassar og næringar.

Dei økonomiske, sosiale og psykologiske omkostningane er utruleg store. Eldre på sjukeheimane våre må vere døyande, før pårørande får kome på besøk. Men når koronapandemien er over, er det ein ting som er sikkert. Det er at vi snart får oppleve ein ny. Ein ny pandemi som vil kunne vere meir dødeleg enn denne.

Spørsmålet er om vi er førebudd på dette. Har vi den rette helsepolitikken, når vi veit at helserelaterte kriser er det mest sannsynlege som kan ramme oss? Eg meiner nei. Fokuset er feil. No flyt vi på ein lang tradisjon for oppbygging av ein sterkt offentleg helsevesen. Men dette helsevesenet er under press, av både sentralisering og privatisering.

Vi opplever stor legemiddelmangel i det daglege, sjølv utan nokon krise. Vi har ikkje beredskapslager for vanleg smittevernutstyr eingong. Regjeringa treng ikkje setje ned ein kommisjon for å finne ut om dette var bra nok. Vi var ikkje førebudd på ein mild epidemi, eingong.

Helsepolitikken i dag har størst fokus på enkel pasientbehandling. Den er individretta, ikkje samfunnsretta. Beredskapen generelt er under press. Ambulansestasjonar og lokalsjukehus er trua av sentralisering. Det handlar mest om den enkelte sine pasientrettar og behandlingsfristar. Ikkje om generell samfunnstryggleik og helsetenester etter behov. Politikken blir målt på det som er målbart. Men ikkje på det som er viktig.

Ein blir målt på effektivitet, som talet på pasientbehandlinga og utviklinga i fristbrot. 50 prosent av sjukehusinntektene kjem frå innsatsstyrt finansiering (ISF), som blir utbetalt på bakgrunn av diagnoserelatert koder. Men det finst ingen takstkode for beredskap. Eit slikt marknadsbasert finansieringssystem gjer at beredskapslager ikkje lønar seg.

I dag har Norge i underkant av 10.000 sjukehussenger i offentlege sjukehus. Vi er blant landa i Europa med færrast sjukehussenger per capita. I 1980 hadde vi om lag 22.000 sjukehussenger. Nedbygging av sengekapasitet på norske sjukehus kan delvis forklaras med utvikling i behandling. Men no har nedbygginga gått for langt. Nye sjukehus vert bygd for små, som i Kirkenes, Østfold og Akershus. Lokalsjukehus vert lagt ned, som på Rjukan.

Vi må vere ærlege. Til vanleg ligg om lag ein prosent av norske pasientar på korridor, fordi det manglar pasientrom. Knappheita blir vi straffa for i kriser som denne. I dag har vi åtte intensivsengeplassar per 100.00 innbyggarar. Tyskland har til samanlikning 24 senger. Snittet i EU ligg på ti sengeplassar, ifølgje Intensivregister.no. At intensivkapasiteten ikkje er bygd opp i Norge sidan svineinfluensaen i 2009, er ikkje til å tru.

Det viktigaste føremålet med helsepolitikken må vere å skape tryggheit og sikre beredskapen i lokalsamfunna i heile landet, dersom ulykka er ute. Det gjeld ikkje minst ved ein pandemi. Ingen er trygge før alle er trygge. At den nyaste helsereforma, regjeringas prestisjereform fritt behandlingsval, var noko av det fyrste regjeringa tok bort då koronapandemien kom, seier sitt.

For når alt kjem til alt, er det ikkje eit utal lovfesta pasientrettar, konkurranse, kommersialisering og privatisering av helsetilbod som skapar tryggleik i samfunnet. Då er det lokalsjukehusa, kommunehelsetenesta og det offentlege helsevesen som gjeld.

Pandemien i Norge var varsla. Smitte kjenner ingen grenser. Det har ikkje mangla på beredskapsplanar. Men det har mangla på oppfølging av desse i tenestene. Difor sto vi praktisk talt utan beredskap for både legemiddel og smittevernutstyr, då pandemien kom. Vi har vore heilt avhengig av usikker import. Det fins inga unnskyldning, det skuldast dårleg planlegging og manglande politikk. Koronapandemien må føre til ein ny retning i helsepolitikken vår.

Vi må styrke dei offentlege sjukehusa i heile landet, ikkje kutte og sentralisere. Intensivkapasitet og sengeplassar må aukast, vi må sikre rekruttering av helsepersonell. Vi må sørge for nasjonal produksjon og lagring av smittevernutstyr og av viktige legemiddel og testutstyr. Beredskap må lønne seg, heilt enkelt.