Av Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson for Senterpartiet 

Helsesektoren er samfunnets fellesansvar, og ein grunnpilar i velferdsstaten. Helsepolitikkens mål er å fremme helse og forebygge sjukdom, og sikre gode og likeverdige helse- og omsorgstenester til heile befolkninga, uavhengig av bakgrunn.

Med dagens helsepolitikk går utviklinga i feil retning.

Norge har store og aukande sosiale helseskilnader . Eit fleirtal av befolkninga meiner at vi allereie har ei todelt helsevesen. (Kantar 2019).

Dette viser at folkehelsepolitikken må «frem fra glemselen» etter snart åtte tapte år, og at den offentlige helsetenesta må styrkast.

Dei private

Regjeringas helsepolitikk har ført til sentralisering og privatisering. Fritt behandlingsval tappar dei offentlige sjukehusa for ressursar og tvingar helseføretaka til å kjøpe meir tenester frå private kommersielle tilbydarar. Ambulansestasjonar vert lagt ned, og  luftambulansefly har stått på bakken. Brannvesenet tar meir og meir over den lokale helseberedskapen i distrikta. Lokalsjukehusa blir bygd ned eller lagt ned.

Norge sto i praksis utan nasjonal beredskap for legemiddel og smittevern-utstyr då koronapandemien trefte landet. Intensivplassane var få. Norge var ikkje førebudd, sjølv om krisa var varsla.

Pengestyringa

Med dagens helsepolitikk blir nye sjukehus bygd konsekvent for små. Beleggsprosenten er farleg høg og tusenvis av pasientar må kvart år ligge på gangen. Det er opprør mot føde- og barseltilbodet, mot sentralisering, knapp bemanning og mangelfull oppfølging i barsel.

Sjukehusdrifta skal gå med overskot. Fødslar, psykosebehandling og , kreftoperasjonar skal lønne seg. For å finansiere nye sjukehus, må det kuttast i drift for at overskotet skal bli stort nok. Ein tener meir pengar på nokon diagnosar og behandlingar enn andre. Særleg tener ein pengar på tidleg utskriving. Skrøpelege eldre blir difor sendt raskt heim frå sjukehusa. Gjerne midt på natta. Sjuke 90-åringar må ha god helse, for å tåle eit slikt system.

Rammefinansiering

Sp vil avvikle marknadstankegangen i helsevesenet vårt. Den norske helsetenesta må bli meir fag -og verdistyrt, og mindre pengestyrt. Sjukehuspolitikken må endrast, sjukehus er ikkje bedrifter som skal gå med overskot. Sjukehus må bli finansiert på same måte som eldreomsorg og skule – gjennom rammefinansiering ut frå behov. Ein må skilje investering og drift slik at ein slepp å kutte i pasienttilbod for å få råd til å investere.

Helseføretaksmodellen i spesialisthelsetenesta må avviklast, slik Skottland har gjort. Vi treng folkestyre, ikkje føretaksstyre, av sjukehusa våre. Endring av sjukehusstruktur må bestemmast av Stortinget, av folkevalde.

Tryggleik

Sp vil prioritere eit sterkt offentleg og solidarisk helsevesen. Vi vil avvikle privatiseringsreformen fritt behandlingsval. Vi vil prioritere ei helseteneste som er til stades i lokalsamfunna og som skapar tryggheit. Vi vil satse på lokalsjukehusa, ikkje byggje eller legge dei ned. Vi vil ha responstider i ambulansen, og gi fødselsomsorga eit etterlengta løft. Ingen fødeavdelingar skal leggast ned. Følgjetenesta skal fungere.

Fastlegeordninga skal tryggast. Den er i krise fordi arbeidsoppgåvene har eksplodert utan at ordninga er styrka. Det trengs tiltak for både rekruttering og stabilisering. Samhandlingsreforma må følgast opp. Nye sjukehus må byggast ut ifrå forventa aktivitet og behov, ikkje ut ifrå urealistiske krav til effektivisering og ytterlegare kutt i døgnbehandling og oppgåveoverføring til kommunane og fastlegane.

Prioriteringar

Det trengs investering i nye IKT- system i norsk helsevesen. Ein innbyggjar – ein journal – eit felles journalsystem for kommunar og sjukehus er eit supert mål. Akson er ikkje svaret. Pasientens legemiddelliste må prioriterast først. Direktoratet for e- helse bør gjennomgåast for sin konsulentbruk. Vi må få eit nytt system for prioritering i helsevesenet. Beslutningsforum for nye metodar har ikkje nødvendig tillit.

Fleire sårbare grupper har falt igjennom i dagens marknadsbaserte helsepolitikk. Menneske med samtidig rus- og psykisk liding ( ROP) er ei slik gruppe. På tross av Den gylne regel har psykisk helsevern ikkje fått det løftet som regjeringa har lova. I neste stortingsperiode vil Sp sørge for at tilbodet til menneske med rus og psykisk lidingar, og deira pårørande, får eit løft.

Rekruttering

Regjeringas effektiviseringspolitikk for helse har sin konsekvens. Ein av fem sjukepleiarar er ikkje i yrket etter ti år. Annakvar jordmor har vurdert å slutte i jobben på grunn av arbeidspresset. Fastlegane rapporterer om arbeidsmengder som ikkje er handterbare. Samstundes står hundrevis av unge legar i kø for å starte si praksisteneste og spesialisering (LIS 1). No trengs ei satsing på auka norsk utdanning, praksisplassar, LIS på heile, faste stillingar, auka grunnbemanning og god, stadleg leiing. På godt arbeidsmiljø -og kultur. På fleire praksisplassar og LIS1-stillingar på sjukehus.

Ei slik ny retning i helsepolitikken er nødvendig – og mulig. Det som trengs, er regjeringsskifte.