Meny

Ny pårørandepolitikk, takk!

Sist endret: 27 09 2020

Vår helse- og omsorgsteneste ville ikkje gått rundt, om vi som pårørande ikkje hadde brydd oss. I følgje tal frå Pårørendealliansen er det i dag 800 000 pårørande i Norge. Det gjeld ektefellen som tek seg av kona som har fått demens. Det gjeld pårørande til den alvorleg psykisk sjuke. Det gjeld foreldra som tek seg av sitt sterkt funksjonshemma barn. Desse gjer eit omsorgsarbeid tilsvarande 110 000 årsverk, som er om lag like stort som  innsatsen frå det offentlege, skriv Kjersti Toppe.

 

av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson i Senterpartiet

Pårørande til personar med store omsorgsbehov, gjer ein stor jobb. Det som er uforståeleg, er at  pårørandepolitikk likevel er så fråverande i det politisk ordskiftet. Frå studie av pårørande veit vi at opp mot 50 prosent av pårørande sjølv utviklar helseproblem. Tilsyn viser at kommunar ikkje vurderer pårørande si omsorgsbyrde eller behov for avlastning. Undersøkingar viser at pårørande er bekymra for at dei ikkje får nok hjelp frå det offentlege. Dei er bekymra for eiga helse, for økonomi og stresset med å klare jobb og omsorgsrolla.  

Slik kan vi ikkje ha det. Omsorgsstønad( tidlegare omsorgslønn) blei innført i 1988. I dag ser vi at ordninga ikkje fungerer slik den skal. I følge Pårørendeundersøkelsen 2017 får dei fleste pårørande ikkje nokon form for økonomisk kompensasjon. Det er stor variasjon mellom kommunar i praktiseringa av ordninga, og det er stor ulikheit i betaling og utrekningar av timar.   Særleg kjem det tilbakemeldingar om at foreldre til funksjonshemma barn opplever situasjonen som tilfeldig og urettferdig. 

Dette viser behovet for ein ny og betre pårørandepolitikk.  Senterpartiet har fremma forslag for Stortinget om nettopp dette. Vi foreslår ei  reell styrking av omsorgsstønadsordninga.  Vi vil gi  kommunar plikt til å tilby pårørande ein avtale om fast kontaktperson, rett til avlastning, opplæring, fridagar og tiltak for å ta vare på eiga helse m.m. Vi føreslår ein nasjonal opptrappingsplan for å utbygging av dagaktivitets-plassar og korttidsopphald, også for å sikre avlastning og tryggheit for pårørande.

I følgje ein nylig undersøking som Norske Kvinners Sanitetsforening har lagt fram, svarte 6 av 10 som blir spurt at dei ønskte  hjelp og støtte frå frivillige. Undersøkinga viste at kvar veke brukar pårørande i Norge i snitt 7,6 timar på å hjelpe ein pleietrengande slektning.  Det er ein heil arbeidsdag i snitt. I framtida vil det bli enno viktigare å sikre pårørande med betre rettigheiter og støtte.  Det vil koste staten pengar, men det vil vere mykje dyrare å la vere.