Meny

På villspor om beredskap

Sist endret: 27 09 2020
Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Det nyleg utnemnde beredskapslovutvalet har fått i oppdrag frå regjeringa å vurdere ei utviding av beredskapslovgivinga. Det verkar som regjeringa meiner det ikkje burde vera naudsynt å gå vegen om Stortinget for å fatte lovvedtak i tilfelle som regjeringa sjølv definerer som kriser. Eg reagerer sterkt på at regjeringa har sett ned eit utval for å sjå på ei mogleg utviding av lova om særlege rådgjerder under krig, krigsfare og liknande forhold.

Målet til justisminister Listhaug synest å vera at regjeringa skal kunne ta denne lova i bruk i fredstid. Regjeringa har sett ned dette utvalet trass i at fleirtalet i justiskomiteen på Stortinget innstendig bad dei om å la vera. Det er grunn til å lure på kor ryggmargsrefleksen i Høgre og Venstre har tatt vegen når det gjeld viktige spørsmål for rettstryggleiken og for rettane til enkeltmenneske.

Paragraf 3 i den aktuelle lova som regjeringa vil endre seier dette: Når riket er i krig, er trua av krig, eller det er alvorlege truslar mot rikets sikkerheit eller sjølvstende, kan regjeringa sjølv gje føresegner med lovgjevingsinnhald og avvike frå gjeldande lover som er vedtekne av Stortinget.

Paragrafen er ei konkretisering av konstitusjonell naudrett som berre gjeld ved særs alvorlege hendingar. Regjeringa viste i si grunngjeving for å endre lova til situasjonen som oppstod kring asyltilstrøyminga på Storskog i 2015. Dette trass i at konklusjonen i etterkant tydeleg peika på at det var regjeringa som ikkje hadde forstått alvoret i situasjonen, og dermed heller ikkje fekk sett i gang tiltak tidleg nok.

Eg nektar å godta at regjeringa framstiller Stortinget som ein bremsekloss i situasjonen som oppstod den gongen, og at dei brukar dette til å forsvare at dei sjølv må få meir makt. Tvert i mot handsama Stortinget den gong dei naudsynte vedtaka i all hast slik at desse fort kom på plass. At regjeringa reagerte for seint er ikkje noko ei utviding av beredskapslovgjevinga ville løyst. Det er vanskeleg å forstå at regjeringa meiner at dette er ei god grunngjeving for å endre den delen av lovverket som i dag berre kan brukast i krig, om krig truar eller det er alvorlege truslar mot rikets sikkerheit eller sjølvstende.

Uansett kor mykje tillit ein har til den til ei kvar tid sitjande regjeringa, er det openbart at rommet for misbruk blir stort om beredskapslovgjevinga blir endra slik dagens regjering ønskjer. Det at myndigheitene har tillit frå befolkninga under ei krise er heilt grunnleggjande for å behalde mest mogleg stabilitet i samfunnet. Eg vil påstå at denne tilliten er viktigare enn nokon sinne nettopp i krisesituasjonar.

Regjeringa sørgjer ikkje for betre beredskap ved å utvide beredskapslovgjevinga til å gjelde fredstid, slik at dei – utan å gå gjennom Stortinget – kan fatte vedtak som suspenderer dei lovfesta rettane til enkeltmenneske. Tvert imot kan dette føre at slike situasjonar blir mindre føreseielege, noko som igjen kan svekkje tilliten folk har til myndigheitene.

Det er klårt at vi må ha god beredskap i Noreg. Dette er nok dei fleste partia einige om, sjølv om vi til tider er ueinige om korleis dei ulike delane av beredskapen skal innrettast. Beredskap handlar om at vi på fleire nivå skal vera førebudde på hendingar som kan oppstå, anten det gjeld straumbrot over lengre tid, flaum og skred, pandemiar, eller cyberangrep frå andre statar eller ikkje-statlege aktørar. Staten har eit betydeleg ansvar gjennom mellom anna forsvar, politi og helsemyndigheiter. Kommunane har ei viktig rolle i den lokale beredskapen, både gjennom beredskapsplanar og brann- og redningstenesta. I tillegg gjer dei frivillige organisasjonane og dei private aktørane ein stor innsats på beredskapsområdet. Sjølv enkeltpersonar har eit ansvar for å gjera så godt dei kan for å klare seg sjølve ei viss tid fram til hjelpa kjem, til dømes ved straumbrot. Alt dette inngår i den totale beredskapen i landet. Det er det samla beredskapsarbeidet som gjer at vi som samfunn er i stand til å møte kriser på best mogleg måte og redusere skadane så mykje som mogleg.

Å gi regjeringa utvida fullmakter på kostnad av Stortinget er ikkje eigna til å styrke beredskapen. Derimot kan regjeringa gjera eit anna og viktig grep for å bidra til styrke beredskapen i Noreg.

Senterpartiet har nyleg fremma forslag i Stortinget om at det må setjast ned ein totalberedskapskommisjon som skal sjå på den samla beredskapen i Noreg, i lys av dei moglege truslane vi kan møte i dag og i framtida. Det er tjue år sidan ein liknande kommisjon vart sett ned.

Mykje har endra seg både nasjonalt og internasjonalt sidan den gong. Eg meiner det er særleg viktig å sjå på ansvars- og oppgåvefordelinga i lys av dei sentraliserande reformene regjeringa har sett i gong i dei ulike beredskapsetatane i landet. Vi har fått mykje god respons frå ulike beredskapsaktørar på forslaget vårt om ein totalberedskapskommisjon, og det er mange som er einige i at det er ein fordel om regjeringa set ned ein kommisjon snarast råd. Målet må vera å styrke beredskapen i landet og sørgje for best mogleg samspel mellom dei ulike aktørane. No håpar vi å få støtte frå regjeringspartia til dette forslaget. Får vi det, er dei på eit rettare spor enn i saka om beredskapslovene.