Meny

Regjeringa nedprioriterer Forsvaret

- Regjeringa kuttar 90 millionar til Forsvar ved budsjettforliket. Et forslag kor Hæren var den store taparen – Hæren er framleis taparen. Sjøforsvaret sitt budsjett skal svekkast, samstundes som det skal kuttast i bygg og anlegg – eit punkt kor det er fleire milliardar etterslep allereie. Eit etterslep som mellom anna skuldast feilslått politikk som nedlegging av Andøya, omgjering av 2. bataljon og flytting av helikopter til Rygge, seier Liv Signe Navarsete.

- Dette er eit skuffande budsjettforlik for Forsvaret sin del. Forsvaret er i en kritisk situasjon kva angår materiell og personell. Det rosenraude biletet regjeringa gjev om historisk satsing kan ikkje seies å vera etterretteleg om ein ser på heilheten. Regjeringa følgjer ikkje ein gong sin eiga plan, og har utsett naudsynte investeringar langt fram i tid, kor dei sjølv ikkje får rekninga. Det er ansvarsfråskriving i praksis Senterpartiet ynskjer å løyve meir enn 1,3 milliardar ytterligare til Forsvaret. Mellom anna til Hæren som får 1 milliard friske midlar i tillegg til regjeringa sitt forslag. Med desse midlane kan ein allereie no framskunde kjøp av stridsvogner og sikre militær helikopterstøtte til Hæren på tilsvarande nivå som Hæren meiner er naudsynt. Me bevarer også 2. bataljon utan at det går utover satsinga i Finnmark med. Midlar frå denne potten ville auke driftsbudsjettet til Hæren markant, og sikre tilstrekkeleg og relevant trening og øving. Dette vil gje oss eit meir robust forsvar meir større djupn i kapasitetane, seier forsvarspolitisk talskvinne i Senterpartiet Liv Signe Navarsete.
              
Samstundes løyver Senterpartiet midlar til Luftforsvaret for å kunne behalde kritisk kompetanse i avdelingane.

- Luftforsvaret står ovanfor store omstillingar. F35 jagarfly og nye P8 maritime patruljefly skal innførast, og det vil medføre ei særskild belastning på personell. At regjeringa i same periode har satt det tilsette innanfor MPA i ein vanskeleg situasjon kor folk sluttar er ikkje klokt. Difor løyver me midlar for å ivareta denne kritiske kompetansen, fortsett Navarsete. 

På grunn av regjeringa si ansvarsfråskriving har Senterpartiet sett det naudsynt å levere fleire forslag til Stortinget for å endre kursen til regjeringa, Senterpartiet har løfta saka om ein opptrappingsplan for Forsvaret opp mot 2 % målet, som behandlast parallelt med statsbudsjettet. I tillegg har partiet foreslått å stoppe alle pågåande oppseiingar i Heimevernet, og auke talet Heimevernsoldatar til 45000 samt gjenopprette Sjøheimevernet for å sikre et meir robust Forsvar.